Send innspel til Sande kommune sitt postmottak på e-post postmottak@sande.kommune.no og merk e-posten med "Innspel trafikktryggleiksplan 2024" innan 22.mai.
Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk høyringsvaret med saksnummer 24/145
Litt meir om arbeidet
Arbeidet er organisert gjennom ei arbeidsgruppe der Einar Ekroll er politisk valt leiar. Vidare har kvar bygd peika ut to representantar som saman med leiar utgjer arbeidsgruppa. Representantane frå bygdene er desse:
- Kvamsøy: Møyfrid Ristesund, Kenneth Rusten
- Gjerdsvika: Clarence Lillestøl, Jonna Lise Skarmyr
- Sandsøy/Voksa: Bjørn Våge, Anne-Lise Johansen
- Gursken: Odd Kåre Wiik, Anna Elin Hareide
- Larsnes: Knut Nystøyl, Anne Martha Torset
I tillegg er råda invitert inn til å delta i arbeidet.
Arbeidsgruppa har hatt eit oppstartsmøte. Neste møte i arbeidsgruppa er planlagt til starten av juni. Fram til dette møtet skal personane som er nemnde ovanfor, ha fokus på trafikktryggingstiltak i sine bygdelag. Vi oppfordrar innbyggarane til å ta kontakt med desse personane om de har synspunkt og innspel som de meiner bør inn i ein revidert plan for trafikktryggleik.
Arbeidsgruppa arbeider har mål om å få fram eit revidert planframlegg til politisk vedtak hausten 2024.