Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?
I Sande kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Derfor arbeider vi med prosjektet BTS - Betre Tverrfagleg Samhandling - i Sande, for å sikre at alle born og unge skal få den hjelpa dei treng. Kommunane er pålagde ved lov å samordne tenestetilbodet på tvers av etatane og tenesteområda. Vi skal samarbeide, og BTS er såleis eit prosjekt for å pålegge og strukturere denne samhandlinga i Sande kommune. Denne nettstaden strukturerer og konkretiserer korleis dette arbeidet er lagt opp i kommunen vår, og skal gi brukarar og tilsette kunnskap om reiskapar til å utnytte dette tenestetilbodet maksimalt. Du kan gå inn på linken Betre tverrfagleg samhandling (BTS) for å sjå nærare på korleis det er organisert.
Denne sida er nyoppretta og i stadig utvikling. Har du tilbakemeldingar, set vi pris på det!