Kva er Betre tverrfagleg samhandling (BTS)?

Kva er Betre tverrfagleg samhandling (BTS)?

I Sande kommune arbeider vi etter prosjektplanen BTS - Betre Tverrfagleg Samhandling. Dette gjer vi for å sikre at alle born og unge skal få den hjelpa dei treng. Kommunane er pålagde ved lov å samordne tenestetilbodet på tvers av etatane og tenesteområda. Vi skal samarbeide, og BTS er såleis eit prosjekt for å pålegge og strukturere denne samhandlinga i Sande kommune. Denne nettstaden strukturerer og konkretiserer korleis arbeidet er lagt opp i kommunen vår, og skal gi brukarar og tilsette kunnskap om reiskapar til å utnytte tenestetilbodet maksimalt.

I denne satsinga gjer vi oss nytte av ein reiskap som heiter Betre tverrfagleg innsats (BTI), ein utarbeidd handlingsrettleiar som skal sikre at alle får den hjelpa dei treng, på det nivå som trengst og på tvers av tenestestrukturen i kommunen. BTI er ein modell for prosedyrer og samordning av tenester, for å yte hjelp til gravide, born, unge og foreldre som har eller kan ha bruk for det.
BTI-modellen skal sikre tidleg innsats, samordna tenester og brukarmedverknad.  

Tidleg innsats handlar om å avdekke vanskar tidleg i alder eller tidleg i ei risikoutvikling. Det kan gjelde forhold i heimen, eigenskapar ved barnet/ungdommen/familien, eller det kan vere miljøet i barnehagen/skulen eller fritida som skaper utfordringar. Heimen, helsestasjonen, barnehagen og skulen har derfor ei sentral rolle i å oppdage og følgje opp dei som treng det.

Samordning av tenester handlar om å skape eit godt samarbeid og god framdrift når kommunale basistenester (f.eks. helsestasjon, barnehage, skule) og hjelpetenestene (f.eks. helseteneste, PPT, barnevern) i fellesskap skal hjelpe born/ungdom/familiar gjennom vanskar. BTI-modellen skal bidra til styrka samhandlinga mellom tenestene og brukaren utan at det vert brot i oppfølginga. 

Brukarmedverknad handlar om at dei kommunale tenestene legg til rette for at gravide, born, unge og deira foreldre vert involverte i samarbeidet så tidleg som mogleg. Dette inneber også at det vert lagt til rette for at foreldre/brukarar enkelt kan kome i kontakt med aktuelle tenester ved uro for eigne eller andre sine born. Brukarane skal oppleve kommunen sine tenester som oversiktelege.  

Handlingsrettleiaren i BTI består av:

  • Grunnmodell på fire ulike nivå
  • Handlingsrettleiar
  • Verktøy
  • System for dokumentasjon (t.d. stafetthaldar/stafettlogg)
  • Tilsette sin kompetanse

Grunnmodellen i BTI består av fire ulike nivå (sjå illustrasjon over). Kvart nivå skildrar gangen i arbeidet med å avklare uro og sette i verk tiltak i og mellom tenestene. Brikkene i figuren symboliserer nivåa og talet på tenester som er/vert involverte. Dei ulike nivåa vert knytte saman av den loddrette brikka som strekkjer seg mellom nivåa. Denne symboliserar stafetthaldaren og stafettloggen, som handlar om eit system for samanheng i og sikring av dokumentasjon av og heilskap i det samla tilbodet. Den strekkjer seg mellom nivåa og sikrar heilskapleg og koordinert innsats utan at det vert brot i oppfølginga. 

Nivå 0: Her avklarar vi om det er grunn til uro 

Nivå 1: Skildrar tiltak innanfor kvar einskild teneste

Nivå 2: Skildrar enkelt tverrfagleg samarbeid mellom fortrinnsvis to tenester

Nivå 3: Skildrar meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester

Handlingsrettleiaren
Handlingsrettleiaren er ein rettleiar for korleis tilsette skal gå fram i arbeidet med born, unge eller familiar ein er uroa for. Den har som formål å lage ein struktur på arbeidsoppgåvene og skildre gangen i arbeidet. Sande kommune sin handlingsrettleiar finn du her. 

Verktøy
Under kvart trinn i handlingsrettleiaren er der ulike verktøy som skal vere til hjelp for den einskilde tilsette, heilt frå fasen der vi oppdagar og vurderer ei uro, og vidare gjennom fasane med å avgjere, setje i verk og evaluere hjelpetiltaka. Ei fullstendig liste med link til alle verktøya som vi nyttar i Sande kommune ligg her.  

Stafetthaldar og stafettlogg
I tillegg til desse verktøya har BTI-modellen ein stafettlogg. Formålet med denne er å sikre at det ikkje vert brot i hjelpetilboda frå kommunen og å samordne kommunens tenestetilbod. Det betyr at loggen følgjer brukaren uavhengig av kven som til ei kvar tid tilbyr tenester. Ein viktig føresetnad for å nytte stafettlogg er samtykke frå foreldre/brukaren. I tilknyting til stafettloggen vert det også utpeika ein stafetthaldar. Det er den som til ei kvar tid har koordineringsansvar for å følge opp brukaren, som blir pekt ut til å være stafetthaldar. 

Kompetanse
Ein føresetnad for å nytte modellen og verktøya er at det finst kompetanse til å utføre oppgåvene i tenestene slik som modellen skildrar. Vi snakkar her om to typar kompetanse:

Den eine dreiar seg om å forstå og kunne bruke BTI.

Den andre dreiar seg om å vere i stand til å utføre dei oppgåvene som ligg til dei ulike arbeidsprosessane i modellen, som å bli merksam på målgruppa, oppdage kven som treng oppfølging, følgje opp, og å vere i stand til å kople på den kompetansen og innsatsen som krevst.

Les meir om BTI på helsedirektoratet sine sider.