Gode råd til vaksne

Gode råd til vaksne

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?

Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan vere avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Du kan vere den eine som ser. Vi som arbeider med born og unge i Sande kommune vil gjerne hjelpe og samarbeide med deg for at alle born og unge i kommunen skal få ein trygg og god oppvekst. Her finn du nyttig informasjon om kven du kan kontakte dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom, og gode råd som kan vere til hjelp. 

Barnet sine føresette / foreldre

Dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom, kan du ta kontakt med foreldra deira eller andre pårørande. Du kan fortelje om di uro og kanskje tilby hjelp. 

Dersom du vert avvist og framleis er uroa for barnet eller ungdommen, tek du kontakt med barnevern, helsestasjon, barnehage eller skule. Det skal du også gjere dersom du kvir deg for å ta kontakt med familien direkte. 

Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt skal foreldre ikkje kontaktast.

Ta direkte kontakt med barneverntenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800)

Helsestasjon, barnehage, skule og PPT

Du kan også kontakte helsestasjon, barnet sin barnehage eller skule og dele di uro. Sande kommune sitt servicekontor kan hjelpe deg med kontaktinformasjon, eller du kan finne kontaktinformasjon i lenkene under.

Sande kommune sitt servicetorg: 70026700 

Sande helsestasjon

Barnehage

Grunnskule

PPT

 

 

Barnevernstenesta

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom skal du kontakte barnevernet. Barnevernet skal sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får rett hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår. Her er infomasjon om korleis du kan melde frå til barnevernet som privatperson.

Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. 

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00
Nettstad: volda.kommune.no/barnevern

Barnevernsvakta
Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar, og dei skal først og fremst sikre at born og unge har det trygt. 

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Telefon: 02800 / 91 57 60 20 

Politi

Politiet skal kontaktast ved akutt fare for liv og helse, eller dersom du mistenkjer at barnet har vore utsett for noko ulovleg. Her kan du lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.


Herøy og Sande lensmannskontor
Saunesvegen 10
6065 Ulsteinvik

Telefon: 70 11 87 00 / 02800
e-post: post.moreogromsdal@politiet.no 

Klikk her for å kome til politiets heimeside.

Gode råd til trenarar, instruktørar og leiarar i frivillig sektor
  • Sjå: å bli lagt merke til og hugsa på blir opplevd som verdifullt. Ha augekontakt, og bruk namnet til barnet med respekt.
  • Lytt: Lytt til kva barnet/ ungdommen fortel deg, og anerkjenn barnet/ ungdommen si oppleving utan å avbryte eller korrigere. 
  • Gi: Å gi handlar om å vere inkluderande. Sjølv i konkurranseutsette aktivitetar er det mogeleg å sjå ein styrke i alle. 
  • Forstå: Vis interesse. Ein vaksen som forstår, torer å spørje korleis eit barn/ ungdom har det - og toler svaret. 
  • Sett grenser: Barn blir trygge når vaksne er trygge og tydelege. Vis omsorg gjennom å sette grenser og vere rettferdig. 
  • Ver ein god rollemodell: Barn/ungdom speglar oss i alt vi gjer. Ver eit raust og inkluderande førebilde som handterer usemje og at nokon er annleis.
Kva signal bør eg sjå etter?

Born som gjennom utviklinga er utsett for gjentekne krenkingar, kan ofte vere i "alarmberedskap" heile tida. Det er vanskeleg for barnehjernen å setje saman inntrykk og forstå at faren er over. 

Dei kan verte overaktive og oppleve kroppsleg uro, bli rastlause, ha impulsive reaksjonar, vere hyperaktive og aggressive. Andre barn kan vere underaktiverte og bli passive, likegyldige og følelsesmessig lite til stades. 

Under ser du ei liste over korleis born kan vise symptom på vald, overgrep eller omsorgssvikt, men det kan også vere at teikna har ei heilt anna årsak. 

Bruk lista som eit utgangspunkt for å drøfte di uro med kollegaer, samarbeidspartar - og til å snakke med barnet sjølv. 

Psykiske teikn:

  • Barnet skvett lett - er engsteleg
  • Konsentrasjonsproblem og uro
  • Irritabilitet og sinneutbrot
  • Klengete åtferd - eller heilt motsett: avviser kontakt og nærleik
  • Rusmiddelproblematikk
  • Sjølvskading
  • Hukommelsestap
  • Forseinka utvikling - eller tap av ferdigheiter barnet tidlegare har hatt (f.eks. at barnet startar å tisse på seg)

Fysiske teikn:

  • Blåmerke
  • Auge- og ansiktsskader
  • Brannskader
  • Stadig kroppslege plager, f.eks. hovudverk, mageverk
  • Skader med usannsynlege forklaringar eller historie som endrer seg

Vil du lese meir om vald i nære relasjonar kan du gå inn på nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sine sider. Dette er ein rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta, men er like relevant for andre vaksne som treffer barn i det daglege. 

Vil du lese meir om risikofaktorar og teikn på vald mot barn kan du lese om det her.

Korleis snakke med born

På nettsida snakke med born finn du mykje god informasjon om korleis du kan gå fram dersom du skal snakke med born eller foreldre om noko som uroar deg. Her finn du informasjon om ulike tema, tips til korleis du kan gå fram i samtalen, og opplæringsmateriell. Du kan også øve deg i å snakke med born ved å gå inn her