Kvar finn eg ledige tomter?
Oppdatert oversikt på kommunale tomter, finn du på www.sunnmørskart.no
(Vel kartgrunnlag til venstre på sida og kryss av for sal av tomter på høgre sida).
Under finn du også oversikt på dei ulike byggefelta
Når det gjeld Storehaugen bustadfelt er det inngått opsjonsavtalar på ein god del tomter. Dersom nokon ønsker å kjøpe tomt med inngått opsjonsavtale på, vil den som har opsjon først få høve til å kjøpe denne. Ta kontakt dersom du vil ha meir informasjon.
Private tomter og eigedomar til sals
Her finn du oversikt på moglege ledige tomter på privat grunn og eigedomar til sals.
Kva kostar tomtene?
Kommunestyret har gjort vedtak om at det er takst som skal leggast iul grunn for pris. Ein arbeider med å komplettere takstgrunnlaget. Ta kontakt for meir informasjon.
Du finn meir om tildeling og sal i Reglement for kjøp, sal og feste av tomter og grunn i Sande kommune (PDF, 2 MB).
Kva kostar det å byggje?
Når du skal byggje bustadhus får du kostnader til:
- søknad om byggeløyve og ansvarsrettar
- utstikkingsgebyr
- tilknyting vatn/avløp
Ta gjerne kontakt for meir informasjon.