Feiing og tilsyn

Feiing og tilsyn

Sande kommune har inngått avtale med Brannteknikk AS -  tlf 98779988  - for utføring av feie og tilsynsarbeidet.

Nytt fagsystem

Sande kommune har teke i bruk nytt fagsystem som på sikt gjev oss betre føresetnad for å utføre feiing og tilsyn etter behov jmf forskrift om brannforebygging §17.

Først vil alle husstandar verte kartlagt og lagt inn i fagdata-systemet.

Frå 2024 vil husstandane oppleve endring i forhold til tidlegare frå feiing/ tilsyn. Etter 2024 vil feiing/tilsyn bli utført vilkårlig i kommuna etter ei risikovurdering på bakgrunn av blant anna fyringsmønster og tilstand på fyringsanlegget. Enkelte vil få hyppigare besøk av brannførebyggar, medan andre har lågare risiko og vil få besøk sjeldnare.

Frå 2024 skal alle fritidsbustadar i kommuna ha feiing/tilsyn.

Digital kommunikasjon

Varsel om feiing vil bli sendt ut via sms minst to dagar før besøk. Rett etter besøket vil du få ei ny melding med informasjon om at feiing er utført/ ikkje utført, med eller utan merknadar. Rapportane vil bli lagra i “min eiendom” på kommuna sine heimesider. 

 

Brannførebyggaren vil i tilsynet registrere fyringsanlegg, sløkkjeutstyr, brannvarslarar og rømningsvegar. Ved tilsyn må eigar eller representant for eigar møte opp.

Ved feiing vil brannførebyggaren kontrollere tilkomst, tilstand på skorstein både over tak og innvendig, samt utføre sjølve feiinga.

Korleis får du varsel?
  • Varsel vil verte sendt ut på sms. Huseigar må svare på denne melding kun med tallet 1 eller 2 for å få bekrefta besøk eller få nytt tidspunkt. Varselet vert sendt ut på eige system så det vil vise avsendar frå eit 12 siffra nummer.
  • For at vi skal vere sikre på at det er registrert rett mobilnummer, må huseigar sjekke på https://www.norge.no/nn/oppdater-kontaktinformasjon  om rett nummer ligg inne.
  • På www.varlsemeg.no kan de i tillegg legge inn fleire kontakter pr eigedom.
Kva er formålet med besøket av brannførebyggar?
  • Kontroll av fyringsanlegg
  • Vurdering av feie hyppigheit
  • Kontroll av tilkomst til skorstein og sotluke
  • Informasjon om rømmingsveg, sløkkjeutstyr og røykvarslarar
  • Informasjon om bruk og oppbevaring av farleg væske og gass
  • Generelt om branntryggleik

Frå 1.1.2021 endra yrkestittelen seg frå feiar til brannførebygger - dette for å dekke meir arbeidsoppgåvene til brannførebyggaren. Oppgåvene  er meir enn berre feiing av skorsteinar. Ei viktig oppgåve for å førebygge brann, men også å kunne rettleie om ulike fyringsmetodar og korleis redusere forureining og sotdanning. Brannførebyggeren har god kunnskap om bygningskonstruksjon og bygningsmaterialer, og kan berekne korleis eldstad, skorstein og ventilasjon fungerer saman. Brannforebyggaren er ekspert på fyringsanlegg og brannsikkerheit i bustadar.

Kva må du gjere når du får besøk av brannførebyggaren?
  • Du må vere heime når brannførebyggar kjem på besøk. Ved feiing frå tak er det tilstrekkeleg å legge fram stige under takstige.
  • All informasjon om fyringsanlegg/ branntryggleik vert registrert.
  • Huseigar vil få rapport frå brannforebyggar etter besøk.
  • Huseigar kan gå inn på “mineiendom” får å få oversikt kva som er registrert på eigedomen.
  • Merknad og/ eller avvik vil kome fram i rapporten og i “mineiendom
  • Huseigar kan sende tilbakemelding på avvik direkte frå “mineiendom
Ved feiing
  • Gi beskjed til alle i hustanden at det vert feia, også eventuelle leigetakarar.
  • Ikkje fyr i eldstaden eit døgn før feiing.
  • Steng alle omnsdører, luker og spjeld for å unngå sotutslag.
  • Alle feie- og sotluker må vere tilgjengeleg.
  • Legg fram stige under tilkomst til taket.
  • Om ikkje brannførebyggar fjernar soten, må du sjølv gjere dette etter feiing.
Krav til tilkomst
  • Det skal vere god tilkomst til skorstein - det skal vere trinn på taket heilt frå takrenne til skorsteinen. Er skorsteinen høgare enn 1.2 m frå øvste trinn, må det monterast plattform.
  • Husstige skal vere av godkjent type, skal sikrast mot utgliding og kan ikkje vere av tre, stål eller av typen som er ledda eller teleskop.
  • Ved feiing frå loft må loftsluka vere minimum 50 cm x 60 cm, og det skal vere ståhøgde på loftet.
Er du bekymra for brannsikkerheita?

Ser du noko som du trur er brannfarleg eller veit du om nokon som du trur bur brannfarleg? Da kan du fortelje oss om det her.

Døme kan vere:

  • nokon bur i ein bustad som du er i tvil om er godkjend, t.d. ein garasje eller ein kjellar
  • du har ein nabo som du trur ikkje kan passe på sin eigen branntryggleik
  • du har ein mistanke om at nokon oppbevarer mykje brannfarleg stoff på eigedomen sin
  • du er på kino, arrangement eller annan offentleg stad og opplever noko som er utrygt med omsyn til branntryggleik eller rømmingsvegar

 

Du treng ikkje fortelje oss kva du heiter, men det er fint for oss å kunne ta kontakt med deg dersom vi treng meir informasjon om forholdet.
Meldinga di til oss vil uansett bli behandla anonymt, og kontaktinformasjonen din blir ikkje delt med nokon.

Her kan du melde inn di bekymring

Registrere fyringsanlegg - ny eldstad

Skal du ha inn ny eldstad er det viktig at du melder dette til kommunen.

• Kjøp eldstad som dekkjer effektbehovet i bustaden. Anbefalt 60-80 w pr m2. 

• Godkjent eldstad skal ha:

  •  Bruks- og monteringsanvisning på norsk eller eit anna skandinavisk språk. 
  •  CE-merket.
  •  Godkjenning etter NS EN 13240, 13229, 15250 eller 12815.
  •  Rentbrennande eigenskapar (jfr utsleppskrav i NS 3059 og 3058).
  •  Test utført hjå akredditert selskap for partikkelutslep.

          SP fire (Noreg og Sverige)

         Teknologisk institutt (Danmark)

         Rhein Ruhr Feuerställe (Tyskland).

Er det meldeplikt?

Montering av ny eldstad og vesentlege endringar av fyringsanlegg er meldepliktig ovanfor kommune/feiarteneste.

Skjema for registrering av fyringsannlegg - Ny eldstad 

Montering av eldstad

Montasje av eldstad krev ingen formelle kompetansekrav til utførande. Montør skal ha kjennskap til gjeldande regelverk for montering av eldstaden. Medfølgjande monteringsanvisning skal følgjast for for installasjonen. Meldingsplikt gjeld for både ny-installasjon og utskifting.   

Referansar:

Forskrift om brannforebygging § 6

Teknisk forskrift (TEK) § 9-10 og § 15-1 og 15,3

Skorstein som ikkje er i bruk

Informasjon om fritak for feiing
Feiarvesenet skal føre register over skorsteinar og eldstader. Fritak for feiing gjeld for pipeløp som ikkje er i bruk. Alle eldstader må vere fråkopla. Dersom pipeløpet blir tatt i bruk igjen, pliktar eigaren å melde frå til feiarvesenet.

Skjema for skorstein som ikkje er i bruk

Forskrift om brannforebygging

Feiing og tilsyn for fritidseigedomar

Vi har frå september 2024 starta å varsle eigarar av fritidsbustader i Sande om feiing og tilsyn av fyringsanlegg. Ny forskrift om brannførebygging vart iverksett frå 1.1.2016. Der er det  krav om at alle norske kommunar  også skal prioritere feiing og tilsyn i hytter og fritidsbustader. 

Det brenn årleg mange hytter/ fritidsbustadar i Noreg - det er difor like viktig å stille krav til branntryggleiken der på same måte som i vanlege bustader.

Varsling av tilsyn/feiing skjer via datasystemet brannforebygging.no . Du vil få sms frå systemet med eit langt telefonnummer. Kanskje er det lett å tru at dette er eit telefonnummer som skal svindle deg. Det er det ikkje. Vi legg difor med eit døme på korleis sms’en er utforma:

Vi kartlegg no fritidsbustader for feiing/tilsyn i Dalavegen 10 C H0101, den 02.09.2020

Eigar må vere tilstades.

 Avtalen må godkjennast for at besøket kan utførast.

 1 = Det passar.

2 = Det passar ikkje, ynskjer nytt varsel.

 Svar på denne meldinga KUN med talet 1 eller 2. Ikkje noko tekst.

Dei innbyggarane som ikkje er digitale vil få brev i postkassa si om dette i staden for sms. Ynskjer de å gjere endringar i kontaktinfo så er dette noko de må gjere sjølve. Vi brukar kontakt- og reservasjonsregisteret til staten for å hente informasjon, denne kan de endre det her: Oppdater kontaktinformasjon | Norge.no

Du kan finne meir informasjon om ordninga her. 

 

Er det endringar på din eigedom ?

Har du ikkje vedovn eller skorstein må du gi oss beskjed om dette.. Du kan bruke dette skjemaet.

Det er dei same krava for tilkomst som for bustadhus, fastmontert takstige eventuelt ei feieluke i skorsteinen.

 

 

Feiing og tilsyn er heimla i Forskrift om brannforebygging

  • §6 fortel om eigars plikt til melde frå om endringar på fyringsanlegget, til å syte for att fyringsanlegget virkar som det er tenkt og sørge for tilfredstillande tilkomst.
  • §17 fortel om kommunens plikt til å utføre feiing og tilsyn.

Kva kostar feiing? 

pr år
Feiing- 2024
Kva blir feia? Pris
Feiing 669
Ekstra pipeløp 281,40

 

Kontaktpersonar :

Sande kommune Kjell Hauge 99579716 e-post kjell.hauge@sande-mr.kommune.no

Brannteknikk AS Stian Dyrvik 98779988 e-post post@brannteknikk.net