Heilårsbustad eller våningshus nytta som fritidsbustad

Heilårsbustad eller våningshus nytta som fritidsbustad

Bur du ikkje fast i einebustaden din eller våningshuset ditt, og den vert nytta lite og svært sporadisk? Då kan du søke om å få endra bygningstypen til “Heilårsbustad eller våningshus nytta som fritidsbustad”. 

Dette vert ikkje ein søknad om bruksendring, kun ei melding om endring av status i matrikkelen slik at matrikkelstatus blir i tråd med faktisk bruk.

Skal du søkje om endring i grunnlaget for kommunale avgifter fordi huset ditt blir brukt berre til fritid, må du faktisk ha sendt inn melding på endring av status i matrikkelen og fått tilbakemelding på at dette er godkjent.

Merk! Bueiningar/leilegheiter i fleirmannsbustadar kan ikkje søke om slik endring.

Kva er eit våningshus? 

Eit våningshus er eit hus som blir fråskilt frå ein gard og får eige gards- og bruksnummer med kode 111, einebustad. Berre hus tilknytta gardseigedom passar inn under omgrepet våningshus. 

Eksempel på kva du kan søkje om: 


Endring av bygningstype i matrikkelen frå
kode 111 «Einebustad» til
kode 162 «Heilårsbustad utanom våningshus som nyttast som fritidsbustad» eller

Endring av bygningstype i matrikkelen frå
kode 113 «Våningshus» til
kode 163 «Våningshus nytta som fritidsbustad

Har bustaden din kode 111 er det første alternativet som gjeld.

Har bustaden din kode 113 er det andre alternativ som gjeld.

 

Her finn du registreringsskjemaet som du må fylle ut.

 

Her er nokre vilkår som du børe vere klar over: 

  • Endringa føreset at alle tinglyste eigarar/heimelshavarar til eigedomen er informert og innforstått med søknad. 
  • Endringa vil bli reversert (omgjort til tidlegare status) dersom kommunen får tilbakemelding om at dette ikkje er tilfelle. 
  • Det vil kunne bli utført stikkprøvekontroll ved eigedomen. 
  • Søkar plikte å gi tilbakemelding når vilkåra for endring ikkje lengre er tilstades. Eventuelle endringar i abonnementsforhold, eigarforhold, innflytting, fråflytting, riving, brann osv. skal meldast til Sande kommune.
  • Eigar er ansvarleg for at kommunen til ei kvar tid har rette opplysningar om bruk, eigedom, bygning, abonnement etc. Dersom søkar gir ukorrekte opplysningar eller ikkje oppfylle opplysningsplikta, kan Sande kommune gjere ei avrekning 3 år tilbake i tid, ved for lite betalt gebyr.
  • Endring av bygningsnummer vert gjort for 3 år. Etter denne tid vert bygningen registrert tilbake til tidlegare status om ikkje ny søknad ligg føre.
  • Sande kommune tek ikkje gebyr for dette arbeidet.