Kommunalt tilbod - kva kan ein fysioterapeut hjelpe til med?
Kommunalt tilbod
Målgruppa er menneske i alle aldrar og livsfasar. Pasientar som treng fysioterapi, kan ta direkte kontakt med fysioterapitenesta. I tillegg får tenesta tilvising frå ulike instansar som til dømes lege, sjukehus, helsestasjon eller institusjon.
Tiltak vert iverksett og utført på den arena som er naturleg og til det beste for den enkelte (skular, barnehagar, heimen, institusjonar eller i våre fysioterapilokalar).