Eigenbetaling for opphald i institusjon

Eigenbetaling for opphald i institusjon

Eigenbetaling for opphald i institusjon

Alle med plass i sjukeheim må betale for opphaldet. Reglane om dette finn du i Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester i institusjon. 

Kort eller langtidsplass

Korttidsopphald inntil 60 døgn

For korttidsopphald på institusjon må du betale 193 kroner per døgn. (Satsen blir oppdatert 1. januar kvart år.)

Døgnsatsane for korttidsopphold gjeld for opphald som ikkje varer meir enn 60 døgn i kalenderåret.

Langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn

Eigenbetaling for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn vert rekna ut med bakgrunn i inntekta di og personlege økonomiske forhold. Hovudregelen er at ein betalar 75 % av grunnpensjon, og 85 % av andre pensjonar/inntekt.

Betalingsfritak første månad

Betalingsfritak første månad

Dersom du er tildelt langtidsopphald, er det inga eigenbetaling for den første månaden på sjukeheimen. Men dersom du har hatt korttidsopphald som har vart over 60 døgn i kalenderåret, vert det ikkje gitt friperiode.

Vedtaksprosessen

I Sande kommune er det sakshandsamar i helse og koordinerande eining som fattar vedtak om eigenbetaling. Utgangspunkt for eigenbetaling er vedtak om langtidsopphald/korttidsopphald.
 

Det vert fatta eit førebels betalingsvedtak og kommunen sender deg vedtaket. Beløpa som vert lagt til grunn er inntektsopplysning frå NAV, forskotsskatt, beløp basert på skatteoppgjeret frå i fjor og skjema «Oppgåve over inntektstilhøve» som bebuar/pårørande må sende inn.
 

Vi ønsker at beløpa skal vere mest mogleg korrekte i forhold til reelle inntekter og frådrag slik at kontrollutrekninga ikkje resulterer i at du vert skuldig store beløp i etteroppgjeret. Dersom det er vesentlege endringar i økonomien som ikkje kjem fram av skatteoppgjeret frå året før, er det difor viktig at du kontaktar sakshandsamar.
 

Nye, førebelse utrekningar av eigenbetalinga vert gjort  dersom kommunen får kjennskap til at den økonomiske situasjonen til bebuar har endra seg vesentleg. Endringsvedtak vert sendt ut ved endring av grunnbeløpet (G) i folketrygda per 01.05. Nye/endra vedtak vert utsendt i løpet av juli-november. 
 

Når skatteoppgjeret for føregåande år er klart, kontrollreknar kommunen eigenbetalinga frå føregåande år. Denne kontrollrekninga kan vise at du har betalt for lite. Du vert då skuldig i etteroppgjeret og vil få krav om innbetaling. Har du betalt for mykje, vert kommunen skuldig og du vil få tilbakebetalt. Etteroppgjera/kontrollrekningane vert gjort når skatteoppgjera frå føregåande år vert tilgjengeleg for sakshandsamar, hovudsakleg i  perioden ca. juli- november. Etteroppgjera/kontrollrekninga vert gjennomført årleg.

 

Inntekter som inngår i grunnlaget for utrekning

Eigenbetalinga vert fastsett på grunnlag av all inntekt, til dømes:

·         Pensjon (både private, statspensjonar, KLP mv.)

·         Trygdeytingar frå andre pensjonsordningar

·         Arbeids- og næringsinntekter

·         Leigeinntekter

·         Renter

·         Avkasting av formue

·         Utanlandspensjon og anna inntekt frå utlandet - meld frå til kommunen om dette

·         Aksjeutbytte (gevinst av aksjesal vert ikkje rekna som inntekt, men del av formue)

Der inntektstypen først vert endeleg fastsett ved skatteoppgjeret for gjeldande år, vert desse tekne med på etteroppgjeret.

 

Frådrag i grunnlaget for utrekning

 

  • Forskotsskatt i dei førebelse utrekningane
  • Faktisk skatt i kontrollrekningar/etteroppgjer
  • Gjeldsrenter
  • Forsytarfrådrag 

 

Bebuarar som har heimebuande ektefelle og eventuelt barn kan ha rett til forsytarfrådrag.

Krigspensjon/krigsenkepensjon
Den som mottek slik pensjon er garantert å behalde 37 % av full krigspensjon minus skatt.

Slik vert eigenbetalinga krevd inn

Korttidsopphald vert fakturert. 

Langtidsopphald: NAV Pensjon trekker kvar månad eigenbetalinga i trygd/pensjon og overfører dette direkte til kommunen.

Kommunen fakturerer månadleg den delen av eigenbetalinga som bygger på inntekter utanom pensjon/trygd frå NAV.

Storleiken på eigenbetalinga kan verte endra når kommunen får kjennskap til endringar i inntekt eller andre forhold knytt til utrekningsgrunnlaget. Det er derfor viktig at du gir melding til sakshandsamar kvar gong inntekta di, skatt og andre frådragsrettar vert endra, slik at nytt vedtak om eigenbetaling kan fattast.

Etteroppgjeret vert fakturert.

Faktura på eigenbetaling sendast etterskotsvis månadleg.

Etteroppgjeret er det endelege betalingsvedtaket

Kvart år gjer kommunen ei kontrollrekning når skatteoppgjeret for føregåande år er klart. Kontrollrekninga/etteroppgjeret er det endelege betalingsvedtaket.

 

Fullmakt

 Vi bed om få tilsendt kopi av verjefullmakt når Statsforvaltaren har oppretta verjemål for bebuar.

Dersom det ligg føre anna fullmakt - det vil sei at bebuar har gitt fullmakt til eit familiemedlem eller andre - bed vi om å få tilsendt kopi av dette.

Vi bed også om å få tilsendt kopi av eventuell framtidsfullmakt.

  

Klage

Du som bebuar, verje eller pårørande (med fullmakt) kan klage på vedtak om eigenbetaling.

Det er ingen frist for klage på det førebelse vedtak om betaling. For vedtak om etteroppgjer (som er det endelege betalingsvedtaket) må klaga vere sendt til Sande kommune innan fire veker etter at du har fått vedtaket.

Klaga må vere grunngitt og signert.

Dersom du ikkje får medhald går saka vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg handsaming.

 

Du kan sende klaga til:

Sande kommune  - Omsorg
Rønnebergplassen 17
6084 Larsnes