Kven kan ta prøva
Alle som ynskjer det kan ta kunnskapsprøva. Den som søkjer om å bli godkjent som styrar eller stedfortredar på stadar med sals- eller skjenkeløyve må ha bestått prøva. For å bli godkjent som styrar eller stedfortredar på ein stad med skjenkeløyve må du ha fylt 20 år.
Kva er pensum
Spørsmåla i kunnskapsprøva er basert på materialet som er gitt i læreboka: ”Kunnskapsprøven i alkoholloven”. Denne kan kjøpast hjå Vinn.
Kva kostar det
Det kostar kr 400,- for å ta prøva.
Gjennomføring av prøva
Kunnskapsprøva kan takast ved Hareid kommune sitt ressurssenter, sjå informasjon her
Hugs å ta med gyldig legitimasjon – pass, førarkort eller bankkort med bilde.