Omsetningsoppgåve for alkoholAlle som har eit sals- eller skjenkeløyve må kvart år betale eit gebyr for å oppretthalde retten til å skjenke eller selje alkoholhaldige drikke.Gebyret sin størrelse er avhengig av alkoholsalet føregåande år. Opplysningar om dette skal løyvehavar sende til oss elektronisk i skjema.Omsetningsoppgåve for salsløyver.Omsetningsoppgåver for skjenkeløyver.Alkoholforskrifta fastset satsane, og dei finn du herFrist for å levere omsetningsoppgåver er 1. mars kvart år. Dersom du ikkje leverer omsetningsoppgåve innan fastsatt frist, får du tildelt 2 prikkar. Dersom du ikkje betalar gebyret innan fastsatt frist frå du ytterlegare to prikkar. Om du får tolv eller fleire prikkar i løpet av to år, vil vi inndra sals- eller skjenkeløyvet i minimum ei veke. Publisert 31.08.2018 13:59 Sist endra 20.12.2024 11:01