Krav til den som søkjer
Løyvet vert gitt til den person eller selskap som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknadsskjemaet må du gje opplysningar om staden, om eigarforholdet og om kven som skal vere styrar og vara for styrar for løyvet.
Løyvehavar og personar med vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i forhold til blant anna alkohollovgjevinga og skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga.
Styrar og vara for styrar må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova.
Korleis søkje?
Du søkjer på elektronisk skjema for salsløyve her.
Dette må du legge ved søknaden:
- Firmaattest for alle selskap involverte i drifta. Attestane skal ikkje vere eldre enn 2 månadar
- Attest for skatt og meirverdiavgift
- Stadfesting på at styrar og stedfortredar har bestått kunnskapsprøve jf. Alkohollova §1-7c
- Dokumentasjon på at styrar og vara for styrar er tilsett i bedrifta
- Ei skisse over lokalet der sal skal skje, lokalet skal merkast
- Rutinar for internkontroll
Dersom du ikkje får sendt alle vedlegg digitalt, kan du ettersende per post eller e-post. Sakshandsamingstida tek til å gå når søknaden ligg føre komplett.
Saksgang
Det tek ca 3 mnd å handsama ein søknad om salsløyve. Søknaden vert sendt til høyring til politiet før den vert politisk handsama av kommunestyret.
Behandlingstida kan verte lengre om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller om du gjer endringar undervegs i søknadsprosessen.
Omsetningsoppgåve
Løyvehavar pliktar innan 1. mars å sende inn omsetningsoppgåve med oversikt over forrige års omsetning til kommuna. Det kan du gjere her.
Avgifta vert rekna ut i frå innsende omsetningsoppgåver.
Endringar i drifta
Du pliktar å melde frå til kommuna dersom det skjer endringar i eigarforhold, driftskonsept eller skifte av dagleg leiar eller skifte av styarar eller vara for styrar
Elektronisk skjema for å melde inn endringar.
Kommunen kan då enten godkjenne endringane eller krevje at det vert søkt på nytt.