Permisjon/ søknad om fri
Permisjon frå pliktig grunnskuleopplæring, vert styrt av Forskrift om elevpermisjon. (PDF, 174 kB)
“ Skulen kan gje permisjon frå pliktig opplæring i inntil ti dagar samanhengande, dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg jf. oppl.lova § 2-2.”
Den opplæringa eleven går glipp av i samband med permisjon etter forskrifta, har eleven ikkje rett til å få erstatta seinare. Ein permisjon avkortar eleven sin rett til grunnskuleopplæring tilsvarende dei permisjonsdagene ein har fått. Ein kan ikkje rekne med at at skulen vil gi eleven ekstra undervisning for å ta igjen for fråværsperioden, eller at lærarane vil gi eleven et opplæringstilbud / leksetilbud i permisjonstida.
Dersom rektor etter Opplæringslovens § 2-2 og forskrift om elevpermisjon gir avslag på søknaden om permisjon, og dei føresette likevel vel å ta barnet ut av skulen, blir dette registrert som ugyldig fråvær. Skulen har også ei meldeplikt overfor NAV dersom eleven sitt fråvær er utenlandsopphald, jf. Folketrygdloven § 21- 4 tredje ledd; " Skoler kan pålegges å gi rutinemessige meldinger når elever har fravær som kan skyldes utenlandsopphold. "
Utskriving frå skulen
Bestemmelsen om maksimal permisjonstid på 2 veker (10 skuledagar) er ufråvikeleg. Grunna Opplæringsloven og lokal forskrift sin bestemmelse om maksimal permisjonstid på 2 veker, må rektor avslå alle søknadar som gjeld permisjon for ei periode på meir enn 10 skuledagar.
Dersom dei føresette vel å ta eleven ut av skulen utover 10 skuledagar, vil eleven bli skrive ut av skulen. Eleven vil då per definisjon ikkje lenger vere elev ved skulen. Skulen har ikkje et opplæringsansvar for utskrivne elever, noko som vil gi dei føresette eit utvida opplæringsansvar. I tida eleven er utskrive av skulen, må dei føresette gi barna opplæring som tilsvarer den som blir gitt i offentlig skule, jfr § 2-1 og § 2-13.
Utskriving kan du gjere i foreldreportalen til Vigilo
Korleis søke om permisjon?
Bruk foreldreportalen i Vigilo når du søkjer om permisjon.
Rektor behandlar søknaden og fattar enkeltvedtak på bakgrunn av lovverket.