Gursken oppvekstsenter ligg i Gurskebotn i Sande kommune. Skuleåret 23/24 vil skulen ha rundt 140 elevar som går frå 1.-10.klasse. Skulen har SFO-tilbod om morgonen frå 07.15-08.25 og etter skuletid frå 13.15-16.15. Skulen har frå komande skuleår 17 lærarar, i tillegg til leiinga, assistentar, reinhaldarar og vaktmester. Dei jobbar kvar dag for at skuledagane skal vere best mogleg for elevane.
Visjonen til skulen:
«Gursken saman for trivsel og læring»
Vi har tre hovudreglar: Vis respekt! Vis ansvar! Vis omsorg!
Målet er at alle elevane skal trivast og utvikle seg.
PALS
Vi er ein PALS-skule, og det gjer at vi skapar eit trygt og støttande læringsmiljø for elevane. Dette er eit viktig verktøy inn mot elevane sin trivsel og sosiale læring. Ansvar, respekt og omsorg skal prege veremåten til både barn og vaksne på skulen.
Vigilo
Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.
I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.
Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål.
Les meir om appen og funksjonane her: Vigilo.
Google classroom
Google classroom blir i dag nytta i alle klasser ved skulen, her blir det oppretta eigne fagrom der lærarane legg ut relevant informasjon til elevane sine, i tillegg til arbeidsoppgåver som elevar arbeider med, både på skule og heime. Vekeplanar og anna informasjon til elevane blir også lagt inn her i eigne informasjonssider for dei ulike klassetrinna. Google classroom fungerer som eit samarbeidsverktøy mellom elev og lærar.
Vi jobbar spesielt med:
Skulen jobbar med fagfornyinga. I år satsar vi ekstra på lesing, og har ein ny flott leseplan som er utvikla av Sande, Herøy og Ulstein kommune i lag. Du finn lenke her: Leseplan
Vi skal utvikle oss både kollektivt og individuelt. Vi brukar også BTS som støtte i arbeidet. Vi er gode på tverrfagleg arbeid i Sande.
Støttande og trygt læringsmiljø. Det bygger på PALS-modellen. Det står for positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling. I Sande kommune held vi på med dette utviklingsarbeidet saman med skulane på Larsnes, Gjerdsvik, Sandsøy og Kvamsøy. Les meir om PALS her.
Gursken oppvekstsenter samhandlar med PPT om utvikling av skulen.
Vi ønskjer å ha eit godt skule-heim-samarbeid.
Vi set pris på at Sande kommune og idrettslag har samarbeidd om å byggje kunstgrasbane som er plassert her ved skulen. Bana har ført til ein betre skulekvardag for elevane ved skulen og den er mykje i bruk. Aktivitet skaper trivsel. Trivsel og læring høyrer saman.
Vi gjer kvarandre gode i Gursken!
Styringsdokument
Her finn du styringsdokument for skulen.
Du finn og meir informasjon på facebook-sida vår
Skulerute
Her er link til skuleruta for skuleåret: Skuleruta
Gursken oppvekstsenter FAU
Gurksen oppvekstsenter - Samarbeidsutval 2023-2024
Kontaktinformasjon Gursken oppvekstsenter:
Besøks/ postadresse : Vågen 10, 6082 Gursken
Her finn du Gursken oppvekstsenter på GoogleMaps -kartet.