Kva skjer i Sande i samband med TV -aksjonen "Saman for små heltar"?

Kva skjer i Sande i samband med TV -aksjonen "Saman for små heltar"?

Som tidlegare år er barn og  unge svært ivrige når det gjeld å samle inn pengar til gode føremål slik som TV-aksjonen. 

Også i år er det planlagt ulike aktivitetar. 

Skulane sine aktivitetar

Gursken oppvekstsenter 

har skuleløp torsdag 17.10. kl. 10.30 for heile skulen. Elevane spring så langt dei klarar og foreldre, naboar og andre betalar så mykje dei ønskjer for innsatsen til den enkelte elev.  

Spleis i regi av Gursken oppvekstsenter til inntekt for Barnekreftforeininga  –Spleis - Gursken oppvekstsenter vil vere open ut oktober.

Det vert også planlagt kafè torsdag 17.10 for barneskulen mellom 12.00 og 13.00. Elevane inviterer gjester til kafeen sin. 

Fredag 18. oktober blir det aktivitetar for ungdomsskulelevane. 

 

Larsnes oppvekstsenter

skal gjennomføre det årlege skuleløpet til inntekt for TV-aksjonen – og skuleløpet vil finne stad tysdag 15. oktober kl. 11.45 – 13.00. 

Spleis i regi av Larsnes skule til inntekt for Barnekreftforeininga  –Spleis - Larsnes skule vil vere open ut oktober.

 

 

Andre som engasjerer seg

Vike-Petterløda  i Gursken har runda 20 år som kulturhus og samlingsplass, og mange har hatt mange fine opplevingar her.

Om du ønsker å vise at du set pris på denne plassen - gi bursdagsgåva di til TV-aksjonen i år,  skriv Vike-Petterløda sine venner som har oppretta ein spleis. 

Spleisen Venner av Vike-Petterløda sitt bidrag til TV-aksjonen

Bedrifter

Næringslivet har også tradisjon for å vere med å bidra til TV-aksjonen kvart år. Det blir spennande å sjå om lokale bedrifter heng med på dette i år også. 

Kanskje er det lokale “sprell og tiltak ”  ved dei ulike bedriftene?  Torsdag 17.oktober kl 12.00 har vi registrert innbetalingar til aksjonen frå Finefish as  på kroner 10 000. Sanco shipping as  og Larsnes helselag har også gitt kroner 5000 kvar. 

Det er enno nokre dagar til innsamlingsaksjonen er i full gang og vi håper fleire melder seg på. 

 

Sande kommunestyre 

har løyvd kroner 10.000 til TV-aksjonen 2024. 

Det blir bøsseinnsamling i år og høve til å gi via Vipps og via bank.  Vil du vere bøsseberar i år? Registrer deg her .

Vipps: 2133
Kontonummer: 8380 08 09005
Kontonummer ved bestilt faktura med KID: 1503 60 97431

 

Alle bidrag som kjem inn frå personar med folkeregistrert adresse i Sande kjem med på Sande kommune sin innsamlingsstatistikk.