KriseleiingKriseleiinga i Sande kommune er samansett av desse personane:OrdførarKommunedirektørVaraordførarKommunalsjef teknisk og landbruk Kommunalsjef oppvekst og kultur Kommunalsjef helse og omsorg BeredskapsmedarbeidarPolitistasjonssjefKommunikasjonsarbeidar Dersom nokon av medlemene i kriseleiinga blir merksam på ei hending - eller noko som kan hende - og som denne meiner kan krevje handling frå kommunen, har kvar einskild medlem rett og plikt til å kalle saman kriseleiinga. Kriseleiinga kan kallast inn/varslast på ulike vis – der det mest vanlege vil vere telefon. Kontaktinfo går fram av varslingslister. Alt etter omfanget av hendinga avgjer kriseleiinga om andre skal kallast inn som rådgjevarar. Kriseleiinga avgjer og om det skal søkjast hjelp frå nabokommunar, Sivilforsvaret, Heimevernet, frivillige hjelpeorganisasjonar eller andre. NB: Dersom lokal redningssentral (heretter LRS) er etablert, må bruk av desse organisasjonane avtalast med LRS!