Slik kan du påverke

Slik kan du påverke

Hald innlegg på eit kommunestyremøte! Det er ein av måtane du kan påverke lokalpolitikken på mellom kommunestyrevala. 

Open talarstol
Ordninga gir innbyggarane i Sande høve til å vende seg direkte til kommunestyret med saker som dei er opptekne av.  Du må vere busett i Sande kommune for å bruke denne ordninga. Ta kontakt med ordførar i god tid før eit kommunestyremøte og avtal tid. 

Her finn du andre tips til korleis du kan påverke.

Krev at kommunestyret tek opp ei sak du brenn for
Viss minst to prosent av innbyggarane krev at ei sak kjem opp for kommunestyret, skal kommunestyret behandle ho. I Sande er det nok at ca. 50 personar stiller seg bak kravet. Bruk www.misak.no til å opprette ei sak du brenn for. Del saka di i sosiale medium for å få dei underskriftene du treng.


Kontakt ein folkevald
Du kan seie det du meiner direkte til dei folkevalde som behandlar politiske saker. Her finn du kontaktinformasjon til dei folkevalde i Sande. Klikkar du t.d. på«Sande formannskap», får du fram telefonnummera og e-postadressene til dei som sit i formannskapet.


Møt opp på gruppemøte
Dei vekene det er kommunestyremøte, har partia kvar sine gruppemøte. Her førebur partia seg på det komande kommunestyremøtet. Om du har ei sak du vil ta opp med eit parti: Kontakt gruppeleiaren. Her finn du kontaktinformasjonen til dei politiske partia i Sande kommune.


Gjer deg kjent med sakene dei folkevalde skal behandle
Saksdokumenta til møte i politiske utval, formannskapet og kommunestyret ligg på nett. Kanskje skal ei sak du er spesielt engasjert i behandlast? Her finn du oversikt over når dei forskjellige utval har møte.  Ved å klikke på ein møtedato i kalendaren, får du opp møtedokumenta til dette møtet. Ofte vert ei sak først behandla i eit utval og/eller i formannskapet før ho går vidare til kommunestyret. Dess tidlegare i prosessen du engasjerer deg, dess større er sjansen for at du kan påverke.


Gi høyringsinnspel
Kommunen legg jamleg ut saker til høyring. Både organisasjonar og enkeltpersonar kan uttale seg i høyringane før sakene vert behandla vidare. Her finn du saker som er til høyring.


Engasjer deg i eit parti
Ei rekke parti er aktive i Sande. I kommunestyret er fire parti representerte. Som partimedlem får du høve til å påverke kva saker partiet skal fremje – og kva standpunkt partiet tek i aktuelle saker.


Inviter ein folkevald
Du kan invitere ein folkevald til møte i lag og organisasjonar for å diskutere saker. Her finn du kontaktinformasjon til dei ulike partia sine lokallagsleiarar og gruppeleiarar i kommunestyret. Her finn du kontaktinformasjonen til ordføraren.
 
Ver med i den offentlege debatten
Sosiale medium og lokalavisa er gode arenaer for den som vil engasjere andre og seie meiningane sine til dei folkevalde.

Følg debatten på politiske møte
Alle politiske møte i kommunen er opne. Unntaket er når det skal behandlast saker som er unnateke offentleg innsyn. Dei fleste møta vert haldne på Sande rådhus. Her ser du når og kvar dei politiske møta vert haldne.
 


Les kva dei folkevalde har vedteke
I politiske møte vert det skrive protokollar som viser kva som vart vedteke. Her finn du protokollar frå politiske møte.