Når må du søke om utsleppsløyve?
- Ved alle nye utslepp av avløpsvatn til grunn eller vassdrag
- Ved vesentleg utviding/endring av eksisterande utslepp
- Ved utslepp som i dag ikkje vert reinsa på tilfredsstillande måte
For å søke om utsleppsløyve, er det nødvendig med dokumentasjon. Vedlegg A, C, D og F som ein finn på nettsida www.miljodirektoratet.no fyllast ut og leggast ved. Her ligg også annan nyttig informasjon.
Syner også til Forurensingsforskriften, kap. 12.
Her finn du søknadsskjema for utsleppsløyve.
Når blir septiktanken tømt?
Tømefrekvensen er kvart andre år for bustader, og kvart fjerde år for fritidsbustader.
Tømerunde: 2023, 2025, 2027, 2029
Dersom det er behov for tømming av tankar utanom tømmerundene, må eigar sjølv ta kontakt med Franzefoss gjenvinning for å avtale tømming. Eigar må sjølv betale dette oppdraget.
Kva kostar tenesta?