Invitasjon til næringslivsmøtet " Bru til arbeid"

Invitasjon til næringslivsmøtet " Bru til arbeid"

Dei siste åra er meir enn 500 flyktningar frå Ukraina vorte busett i Ulstein, Hareid og Sande. Det er viktig både for den enkelte og for samfunnet, at dei som vert busett går ut i arbeid.

Adobe Stock

Erfaringane er at mange får seg jobb og bidreg med arbeidakrafta si for både private og offentlege arbeidsgjevarar. Kompetansen, utdanninga og erfaringa dei sit på kan vere verdifull i det norske arbeidslivet. Utfordringa er å koble kompetansen dei har med arbeidsgjevarar på Søre Sunnmøre.

Viktige arbeidsoppgåver for NAV og kommunane vil då vere å sjå på moglegheiter for å nytte den kompetansen flyktningane  har ved å koble denne kompetansen til behovet i arbeidsmarknad. Vi ønsker derfor å bygge bru mellom kompetanse og behov, det vil seie bygge “Bru til arbeid”.

Heilt konkret vert det no busett fleire personar med praktisk bakgrunn og erfaring. Vi veit at dei maritime næringane i vår region har behov for arbeidskraft i tida som kjem. Er det mogleg å «matche» dette? Vi har tru på at dette er ei problemstilling vi kan løyse saman, på ein måte som kjem både den enkelte, lokalsamfunnet og næringslivet til gode. Ulstein, Sande og Hareid kommune, NAV og MAFOSS inviterer derfor til lunsjmøte for samsnakk og samtenking. Vi vil også presentere utviklingsprosjektet «Bru til arbeid», for å sjå om dette kan gje svar på nokre av utfordringane.

 Aktuelle spørsmål/tema er:  

  • Er det realistisk at fleire av dei som vert busett kan bli aktuelle arbeidstakarar i dei maritime næringane i vår region? 
  • Kva skal til for å lukkast med dette? 
  • Kva behov har bedriftene? 
  • Kva kan NAV og kommune bidra med av oppfølging og kvalifisering?

 Tid og stad: 

Onsdag 17.04.24, kl 12.00 - 14.30 på Sunnmøre folkehøgskule. Velkomen! 

 

Program næringslivsmøtet «Bru til arbeid»: 

- Velkommen til Sunnmøre folkehøgskule 

  •  Enkel lunsj 

 

- Ordførar Ulstein Kommune, Stian Scheide 

  •  «Å tørre satse på motivasjon»

 

 - Einingsleiar Inkludering og Mangfald i Ulstein, Lars Erling B. Hovlid 

  •  «Flyktningar i vårt lokalsamfunn. Kven er dei og kva tilbod får dei?» 

 

- Fylkesdirektør NAV, Stein Veland og leiar NAV Hareid, Ulstein, Sande, Alexander Måseidvåg 

  •   Regional og lokal arbeidsmarknad   
 

 - Dagleg Leiar MAFOSS, Jan Thormodsæter

  •   Arbeidskraftsbehov i den maritime næringa

 

-Prosjektleiar «Bru til arbeid», Mats Pedersen 

  • Kvalifiseringsløp for flyktningar, «Industrilappen» 

 

- Korleis lukkast i få fleire flyktningar i arbeid?

  •  Survey, innspel og dialog

Påmelding:

Påmeldingsfrist: 12.04.2024.

Mats Lea Pedersen, Prosjektleiar “ Bru til arbeid”

Inkludering og Mangfald i Ulstein Kommune.

Mob: 94972674

mats.lea.pedersen@ulstein.kommune.no

QR kode - Klikk for stort bilete

QR kode: Påmeldingsskjema.

Invitasjon næringslivsmøtet Bru til arbeid (PDF, 216 kB)