1. mai er det klart for ny Stikk UT! - sesong

1. mai er det klart for ny Stikk UT! - sesong

Det er fleire nye turar i Sande. Stiane som Stikk UT! nyttar er tilrettelagde av idrettslaga i kvar bygd. Enkeltpersonar har har også gjort ein stor innsats i arbeidet med tilrettelegging. Stor takk til dei alle! Stikk UT!-appen kjem i år i ny forbetra versjon, og for første gong kan du også gå til Stikk UT!-turmål andre stader i landet.

Arskotet er eit av Stikk-UT turmåla i Sande kommune. - Klikk for stort bileteArskotet er eit av Stikk-UT turmåla i Sande kommune. Sande kommune

Årets Stikk UT!-turar i Sande

Det er 16 Stikk Ut!- turar i Sande i sommarsesongen.  Turane er delt inn i fargar etter vanskegrad. Grøn tur passar for dei fleste. Dette er korte turar med moderat stigning. Blå tur er for dei med litt turerfaring. Desse kan ha meir krevjande parti enn grøne turar. 

288. Arskotet (ny)
289. Gjerdsvika molo/fyrlykt (ny)
290. Grøntua
291. Hesthammaren
292. Hidsneset fyrlykt
293. Kalkverket på Voksa (ny)
294. Klovevatnet fra Gjerdsvika
295. Myravatnet på Kvamsøy
296. Nonshornet på Kvamsøy
297. Nupatinden (ny)
298. Nupen (ny)
299. Rinden - rundtur via Sandslegene
300. Sandslegene/Legebu
301. Sandvikstranda frå Sandviksanden (ny)
302. Storetua
303. Veten (ny)

Med heile 572 turmål i vår region er årets Stikk UT!-sesongen større enn nokon gong.

– Engasjementet rundt Stikk UT! er enormt. Vi tilrettelegg for god folkehelse i samarbeid med dei 28 deltakarkommunane våre, lag og organisasjonar, grunneigarar og lokale eldsjeler. Gode møte mellom menneske og natur fremmar livskvalitet og vi er superglade for å tilby så mange fine turmål der heile 187 er trillevennlege, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

I kartbrosjyra for 2024, som i desse dager kjem i postkassene til alle innbyggarane i Møre og Romsdal, inviterer friluftsråda alle med ut på tur.

– Vi håper alle kan finne sine turperler. Det er flott å ta Stikk UT!-turar der ein bur, men oppfordringa er også å kunne oppdage nokre nye turmål i løpet av sesongen, seier Ellingsæter.

Liv Synnøve Hoel  og Hilde Ellingsæter - Klikk for stort bileteF.v: Hilde Ellingsæter og Liv Synnøve Hoel Sunnmøre friluftsråd

 

Registrering i app

Utviklinga viser at ca 95 prosent no registrerer turane sine i Stikk UT!-appen, og ikkje på stikkut.no. Frå og med i år vil ein berre kunne registrere turar i appen.

– Valet måtte kome før eller seinare, og det vart naturleg å endre dette i år når turappen blir oppdatert i samband med etableringa av Stikk UT! Norge. Vi håpar dette ikkje fører til vesentlege problem med å registrere, seier Ellingsæter som gjerne hjelper dersom det byr på problem for nokon.

Nettsida stikkut.no blir også ny, med litt annan funksjonalitet enn tidlegare.

Vis Stikk UT!-vett og ta omsyn til naturen

Friluftsråda er opptatt av at alle som ferdast i naturen skal gjere dette på ein omsynsfull måte. Derfor er det sett av stor plass til Stikk UT!-vett-reglane både i kartbrosjyren og i annan kommunikasjon.

- Det er viktig å sette seg godt inn i Stikk UT!-vett-reglane før ein går på tur. Vi oppfordrar alle til å ta vare på naturen og ta omsyn til både dyr, plantar og menneske. Vi oppfordrer også alle til å parkere som vist til og ikkje vere til hinder eller ulempe for andre trafikantar og grunneigarar, oppfordrar Ellingsæter. 
Ver obs på at fleire turmål kan ha utsett opningsdato. I det siste har det kome ein del påfyll med snø i høgfjellet, så hugs å sjekke dette i turomtalane i Stikk UT!-appen.

Friluftsråda oppmodar alle om å sette seg godt inn i Stikk UT!-vett-reglane. - Klikk for stort bilete Sunnmøre friluftsråd

Stikk UT! Norge

Friluftsråda jobbar saman med kommunane for å fremme friluftsliv for alle, og vi er stolte over at fleire friluftsråd i Norge også ser korleis Stikk UT! bidreg til stor aktivitet og turglede, og vil innføre turtrimmen i sine regionar.

Derfor kan du frå i år også registrere Stikk UT!-turmål fleire andre stader utanom Møre og Romsdal. Under årets oppstart av Stikk UT! Norge er heile 82 kommunar med, og tilbyr  om lag 1 600 turmål. Målet er ei opptrapping til endå fleire stedar i Norge dei neste åra.

Ny Stikk UT!-kunstnar

Stikk UT! har i år fått ny kunstnar som har designa motiv til krus og skåler. Av 17 innsendte bidrag vart det Annika Østerbye som gjekk av med sigeren. Annika er frå Stockholm, men har budd i Rauma sidan 2017. Ho er utdanna grafisk designar og er tilsett hos Tibe i Molde.

Vinner Annika Østerbye design krus 2024 - Klikk for stort bileteVinner Annika Østerbye design krus 2024 Sunnmøre friluftsråd

- Det var ikkje lett for arbeidsgruppa å velge ut blant dei gode forslaga. Men då vi valde ut Annika sitt motiv ,var det fordi vi syntest det gjenspeglar naturen og turgleda i Stikk UT! si ånd, seier Ellingsæter.

Krusa og skålene kan kjøpast som premie når ein har gått meir enn sju Stikk UT!-turar.

 

Vi oppfordrar alle til å invitere med seg ein ven, nabo eller kollega på Stikk UT!-tur.

Husk å registrere turane dine og god tur!

 

Fakta om Stikk UT!:

Stikk UT! er ein turtrim der ein kan registrere dei turane som er plukka ut til å vere turmål denne sesongen. Det er gratis å delta, ein lastar ned appen og opprettar ein brukar, så registrerer ein koden som finst på kvart turmål. Går du meir enn sju turar kan du kjøpe deg din eigen Stikk UT! premie. Sesongen varer fra 1. mai til 31. oktober. Les mer på stikkut.no