Brøyting og strøing på vintervegar

Brøyting og strøing på vintervegar

Br - Klikk for stort bileteVintervedlikehald Sande kommune  No når vi igjen har fått snødekte vegar ønsker vi å dele litt  informasjon om vinterdrift og brøyting av veg.

Ved snøfall er det kommunale hovedvegar som vert prioritert først. Deretter skular, barnehagar etc. andre vegar og til privatpersonar sist. Normalt startar brøyting av vegen ved 8-12cm tørr snø.

Ved veromslag og glatte vegar kan det ta ei tid før alle vegar, gater og fortau er strødd. Strøing ved skuler, barnehagar og gangveger vert prioritert først. Elles er det i bakkar, svingar, inn mot kryss og fotgjengarfelt at det blir strødd.

Det vert ikkje strødd når det snør. Vegen kan være glatt, men strøing har då liten effekt.

Sande kommune saltar ikkje vegane, men strør med strøgrus. Strøgrusen har iblanda litt salt. Dette for å hindre at sanden frys til og blir uhandterleg. Det er av omsyn til miljøet vi har valt å ikkje strø med salt.

Brøytestikker og tryggleik

Brøytestikker er svært viktige for tryggleiken til brøytemannskapa og bilførarar generelt. Vi oppmodar om at brøytestikkene må få stå i fred.

Vis tolmod og køyr varsamt. Vær spesielt merksam på mjuke trafikantar!

Kvar enkelt har eit ansvar for eigen tryggleik med å sko seg rett etter vêrforholda.

Sande kommune har gjort avtalar med ulike brøytarar i ei ulike krinsane. 

Treng du privat brøyting på din eigedom, kan du ta kontakt med desse for å gjere avtale.

Brøyteavtalar
Område Brøytevakt Tlf
Gjerdsvika Kristoffer Værnes 47374506
Haugsbygda Jan Myklebust/ kontakt Dagbjørn Myklebust 91396972/90545468
Indre Gursken Jan Myklebust/ kontakt Dagbjørn Myklebust 91396972/90545468
Larsnes: frå Larsnes MEK. og til og med Hallelia Kristoffer Warholm 46676557
Skredestranda til og med Grønnevika og parkering framfor rådhus Rune Slettestøl 94857636
Sandsøy Terje Follestad 91339465
Kvamsøy Rasmus Ristesund 99531325