Bufdir:Tilskot til inkludering av barn og unge

Bufdir:Tilskot til inkludering av barn og unge

Aktørar i Sande kan søke om tilskot frå Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) frå ordninga. Tilskot til inkuldering av barn og unge

Tilskot til inkludering av barn og unge:

Bufdir (barne-, ungdoms og familiedirektoratet) har lyst ut tilskotsmidlar til aktivitetar som er retta mot barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å havne i utanforskap. Målet med ordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit for meistring og samfunnsdeltaking. Ordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Søknadsfrist for 2025

Søknadsfristen er fredag 1. november 2024

Retningslinjer og søknadsskjema

  • Søkarar må sette seg inn i regelverk og rettleiar til tilskotsordninga. 
  • Søknader skal sendast inn direkte til Bufdir via søknadsportalen. 
  • Regelverk, rettleiar, informasjon om søknadsprosessen og lenkje til søknadsskjema ligg på Bufdir sine nettsider.

 

Gå til Bufdir si nettside for tilskot til inkludering av barn og unge

 

Kontakt

Søkarar som treng rettleiing eller har spørsmål til søknaden kan kontakte kontaktperson for tilskotsordningane i Sande kommune:

Elin Almestad

Telefon: 47 37 78 95

e-post: elin.almestad@sande.kommune.no

Alle tekniske spørsmål knytt til søknadsskjemaet rettast til Bufdir.