Bufdir: Tilskot til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar

Bufdir: Tilskot til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar

Aktørar i Sande kan søke om tilskot frå Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) frå ordninga: Tilskot til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar. 

Tilskot til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar:

Målet med ordninga er å leggje til rette for lokale, regionale og nasjonale initiativ og aktivitetar som har til hensikt å motvirke rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar på grunn av etnisitet, religion og livssyn. Ordninga skal bidra til å fremje antirasisme, mangfald og dialog, samt bidra til kunnskap og bevissthet i majoritetsbefolkninga om rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.

Søknadsfrist for 2025

15.oktober 2024.

Retningslinjer og søknadsskjema

  • Søkarar må sette seg inn i regelverk og rettleiar til tilskotsordninga. 
  • Søknader skal sendast inn direkte til Bufdir via søknadsportalen. 
  • Regelverk, rettleiar, informasjon om søknadsprosessen og lenkje til søknadsskjema ligg på Bufdir sine nettsider.

 

Gå til Bufdir si nettside for tilskot til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar. 

Regelverk

Kontakt

Søkarar som treng rettleiing eller har spørsmål til søknaden kan kontakte kontaktperson for tilskotsordningane i Sande kommune:

Elin Almestad

Telefon: 47 37 78 95

e-post: elin.almestad@sande.kommune.no

Alle tekniske spørsmål knytt til søknadsskjemaet rettast til Bufdir.