Det er varsla svært høg vasstand laurdag og natt til søndag

Det er varsla svært høg vasstand laurdag og natt til søndag

Meteorologisk institutt varslar om oransje farevarsel for svært høg vasstand i fylket. Laurdag (16.nov) og natt til søndag (17.nov) er det venta to omgangar med svært høg vasstand. 

Les meir om varselet her: https://www.met.no/nyhetsarkiv/oransje-farevarsler-om-svaert-hoy-vannstand-i-more-og-romsdal-og-trondelag

For Møre og Romsdal er vasstanden oransje nivå frå laurdag morgon til og med natt til søndag. I tillegg er det på laurdag kl.11.00-20.00 varsla kraftige vindkast på gult nivå i fylket. Vind og bølgjer i kombinasjon med høg vasstand kan gje moderate skader på infrastruktur og bygg i strandsona.

Les meir om varselet her: Varsel fra Meteorologisk Institutt for Ytre strøk av Møre og Romsdal og Trøndelag | Varsom.no

På grunn av høge bølgjer, rår vi til å vere forsiktig om du ferdast i strandsona. Sjekk fortøyingane til båten og at lause gjenstandar i strandsona er sikra.

Met.no