Sparebankstiftinga har fordelt summen etter innbyggjartal, og Sande får 125 000 kroner. Dette gjer at mange kan få ei litt betre jul i år også. Visjonen til stiftinga er Saman skaper vi engasjerte lokalsamfunn og det er svært kjekt å kunne være med å bidra til dette gode formålet, seier styreformann Arild Hatløy i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
Prosjektet “Ei god jul på Søre Sunnmøre” er eit viktig og flott tiltak som frivilligsentralane står for.
-De gjer ein forskjell og de legg ned mykje godt arbeid som bidreg til ei betre julefeiring for dei som treng det. -De er ein viktig ressurs i lokalsamfunnet og kjekt å samarbeide med dykk, seier Arne Lothe dageleg leiar i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
I Sande er det dagleg leiar for frivilligsentralen, Ann-Kristin Brekke Oksavik, som står for utdelinga, med god hjelp frå frivillige:
-Dei som melder behov for matkasse vert behandla anonymt av dagleg leiar. Vi har gode pakkehjelparar, men desse får ikkje vite namn, eller informasjon. Alt vert behandla konfidensielt. I Sande vert det utlevering av matkassene i veke 51. -Vi samlar også inn gåver i alle nærbutikkane i kommunen, som vi legg ved i matkassene. Julegåvene kan vere både til born og vaksne.
Ein kan melde behov for matkasse til Ann-Kristin på telefon 908 58 951. (Frist innan 9. desember).
Dette er ei hjartevarmande gåve som vi håper vil spreie mykje glede og lys i juletida. Ann-Kristin frå Sande frivillegsentral er takknemleg for denne rause pengegåva, som gjer det mogleg å glede mange. Vi håper folk tek kontakt om dei lurer på noko. Eller at dei som kjenner at dei treng ei matkasse til jul, sender ei melding eller ringer.
Juleglede og matkasser plakat (PDF, 7 MB)