Elevar frå Sande deltek i FIRST® LEGO® League!

Elevar frå Sande deltek i FIRST® LEGO® League!

Arrangementet er i Volda laurdag 9. november i Volda campus Sparebank 1 arena. Starttidspunkt er kl. 09.30. FIRST® LEGO® League er ei stor kunnskaps-og teknologikonkurranse for aldersgruppa frå 6-16 år. Målet for konkurransen er å inspirere framtidige forskarar, ingeniørar og problemløysarar. 

Pixabay

Tema for FIRST® LEGO® League i år er “Submerged”

Fokuset er på havet og miljømessige utfordringar i havet. Derfor skal elevane  ved  hjelp av problemstillingar knytte til havet, utvikle kreative og innovative løysingar på verkelege utfordringar.

To lag frå Gursken oppvekstsenter

 -Elevane i 7.klasse har saman med læraren Lina Myrene Myrold stått på sidan skulestart. Det same har elevane i valfaget programmering med læraren Daniel Christian Sandvik gjort. Dette fortel rektor Marianne Solbjørg Ose. 

Ho seier vidare at lærarane har arbeidd tett saman med elevane i forkant av finalen og arbeidet er motiverande og ein vert engasjert. 

-Det å få vere med på First Lego League tyder mykje for skulen. Opplegget er tilpassa læreplanen og elevane lærar mykje både fagleg og sosialt. Elevane får lære om programmering på eit høgt nivå. Det er motiverande og retta inn mot teknologi for framtida. Ein stor takk til Volda kommune og sparebanken Møre som gjer det mogeleg for oss å vere med.

Det er to lag frå Gursken oppvekstsenter namna på dei laga er Aqua Villains og Aqua Code. Det er til saman 21 lag som deltek i Volda i år. Foreldra engasjerer seg.  Dei hjelper til med køyring og anna, og dei følgjer sjølvsagt spent med. 

 Vi gler oss til laurdag og ein super dag i Volda campus!  - seier rektor Marianne Solbjørg Ose.

Volda er vertskommune 

Det er andre året på rad at Volda er vertskommune, og prosjekleiar Audun Hopland i Volda kommune understrekar at talet på lag har dobla seg frå i fjor.

Avdelingsleiar Cecilie Bjørlykke i Volda kommune framhevar  innsatsen frå eit heilt apparat av elevar, lærarar, foreldre og frivillige som tek på seg oppgåver som kioskansvarlege og dommarar, for å sikre at dette store arrangementet går knirkefritt.

Program

Formell oppstart kl. 09.30 med samla inntog, og den første presentasjonen startar kl 09.45.

Den første robotkampen startar kl. 10.00 og planlagd avslutning er kl 16.00.