Elevar frå Sande gjorde det godt i FIRST® LEGO® League!

Elevar frå Sande gjorde det godt i FIRST® LEGO® League!

Laurdag 9. november stilte Gursken oppvekstsenter med to lag i FIRST® LEGO® League.  Volda var vertskommune for arrangementet i Volda campus Sparebank 1 arena.  Flotte prestasjonar av laga som deltok frå Sande, og valfag programmering fekk teknologiprisen.

Privat

Dagen byrja klokka 10.00 med parade. Laga hadde ordna standen før det. På føremiddagen var det tre robotkonkurransar for alle lag. Dei åtte beste gjekk vidare til kvartfinale, semifinale og finale. Valfag programmering frå Gursken oppvekstsenter gjekk heilt til semifinalen. Det var ein flott prestasjon.  

7. klasse fekk også eit godt resultat, og laget kom på 9. plass. Begge laga hadde gode presentasjonar, og valfag programmering vann teknologi-prisen. Det er imponerande. Dagen vart avslutta med premiutdeling til alle, fortel rektor Marianne Solbjørg Ose.

Vidare takkar ho for innsatsen og hjelpa til elevar, lærarar og foreldre. Dette var ein flott og lærerik dag! Takk også til Volda kommune og Sparebanken Møre for eit vel gjennomført arrangement. Skulen har også fått støtte frå byggmester Slettestøl. Dette er dei svært takknemlege for.

Privat