Endelig Stikk UT i Sande - Sande medlem i Sunnmøre friluftsråd frå 01.01.22

Endelig Stikk UT i Sande - Sande medlem i Sunnmøre friluftsråd frå 01.01.22

Medlemsskap i Sunnmøre friluftsråd vil legge til rette for styrking av folkehelsa i Sande kommune. Friluftsrådet skal stimulere til friluftsliv for alle, vere ein pådrivar i friluftssaker og vere høyringsinstans i viktige saker for
friluftslivet.

Kva betyr det?

Sunnmøre friluftsråd arbeider for å gjere friluftsliv meir tilgjengeleg. Friluftsrådet skal legge til rette for fysisk aktivitet blant barn og unge.

Medlemsskap i Sunnmøre friluftsråd kan styrke bevisstheita til kommune og innbyggjarar i miljøspørsmål. Sunnmøre friluftsråd kan vere høyringsinstans på ei rekkje område. Friluftsrådet deltek i ei rekkje prosjekt knytt til
marin forsøpling. I 2020 rydda Friluftsrådet 73 kilometer med strandlinje, samla 23 tonn med søppel og engasjerte 900 deltakarar i ryddeaksjonar.

Her er målsettingane til Sunnmøre friluftsråd

  • Administrasjonen i friluftsrådet skal fungere som kompetansesenter for friluftsliv for deltakarkommunane og andre samarbeidspartar, vere ein pådrivar og ein høyringsinstans i viktige saker for friluftslivet.

  • Friluftsrådet skal legge til rette for fysisk aktivitet.

  • Friluftsrådet skal arbeide med sikring, tilrettelegging og drift av friluftsområde av ulike slag.

  • Gjennom Skjergardstenesta Møre og Romsdal skal friluftsrådet gjere sjøbaserte friluftslivsområde attraktive og tilgjengelege.

  • Friluftsrådet skal jobbe for ei reinare fjøre. 

  • Vi koordinerer, legg til rette for frivillig og profesjonelt arbeid mot marin forsøpling.

Sande kommunestyre valde på møtet 11.10.21  Sindre Slettestøl til styremedlem i Sunnmøre friluftsråd
med Anders Bringsvor som personleg vara.

No blir vi med i Stikk UT - ordninga - noko mange har ønska seg.

Dei andre kommunene rundt oss  har vore med i Sunnmøre friluftsrråd og som turgåar finn du mange fine Stikk UT turar i distriktet - no blir også vi i Sande med på dette. Arbeidet med tilrettelegging startar snart. 

Skular og barnehagar kan også ha nytte av medlemskapet der ein kan få nyttig kursing og opplegg gjennom ulike ordningar