Fagdag i geriatri - Korleis tilpasse helsetenestene til eldre i tråd med tilgjengeleg kunnskap og teknologi?

Fagdag i geriatri - Korleis tilpasse helsetenestene til eldre i tråd med tilgjengeleg kunnskap og teknologi?

Fagdagen er eit årleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Målgruppa er helsepersonell i kommunane og ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen og andre som er interesserte i temaet.

Adobe Stock

På årets fagdag har vi valt å sette søkelys på forventingane til kva tenester vi som innbyggjarar ynskjer oss og korleis primær- og spesialisthelsetenesta kan samarbeide, organisere og nytte kompetanse og teknologi for å kunne ta imot helsetenester av høg kvalitet.

Kan KI vere eit nyttig verkty ? Organiserer vi hjelpeapparatet slik at ressursane vert nytta på beste måte når hjelpa trengst ? Har vi rett kompetanse eller spesialisert oss vekk frå individet? Greier vi å ta i bruk ny kunnskap som kan kompensere for auken i tal eldre?

Dette og mange andre spørsmål vil bli sett søkelys på.

 

Dato: 7. mars 2025

Tid: 08:30-15:00

Stad: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset

Program

0830         Registrering
0900   Opning av dagen v/Stian Edresen
0910   Møte med geriatrien – forventningar og moglegheiter
    - Kommunedirektør Sande kommune, Renathe Rossi Aglen
    - Klinikksjef Volda sjukehus, Øyvind Nytun
    - Brukarrepresentant og tidlegare ordførar i Ørsta kommune, Stein Aam
1000    Korleis organisere og planlegge gode/treffande tenestetilbod?
 - Eksempel frå Giske kommune, Lene Overå Bjørlo
 - Frå kontroll på friske kronikarar til «time på dagen» for dei som treng, Unni Arnestad m.fl. 
    frå sjukehuset i Volda
1040   Beinstrekk
1100   Livet med kronisk sjukdom
     - Tilbodet ved Vardesenteret i Ålesund (innleiar ikkje bestemt)
1145   LUNCH
1230   Har vi rett kompetanse i møte med geriatrien?
    - Avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS-kompetanse) (innleiar ikkje bestemt) 
    - Generalist- eller spesialistkompetanse. Kven gjer kva og kva treng vi? (innleiar ikkje bestemt)
1315   Beinstrekk
1330   Kan kunstig intelligens brukast i helsetenestene?
   - Kva er KI og kva kan dette brukast til? v/rådgjevar Sindre Sandbakk, Høgskulen i Volda
1400   Eksempel på bruk av kunstig intelligens 
    - Røntgendiagnostikk v/Kristian Kolnes
    - Journalføring etter konsultasjon hos lege v/fastlege Bent Ingebrigtsen
 
1445   Oppsummering og avslutning
1500   Vel heim


 

Frist for påmelding: 4. mars 2025 klokka 23:59

Pris: 400,-

Tilsette frå kommunane melder seg på via LetsReg.no.

Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord