Fascinert av Dollsteinhola

Fascinert av Dollsteinhola

Arkeologen Arve Nytun er den første ut i ein serie der ein vil intervjue fleire om deira favorittkulturminne, eller favorittplass i Sande kommune. Seinare vil ein derfor intervjue folk med tilknyting til Sande. Nytun er ansvarleg for kulturminne på Søre Sunnmøre og i tillegg Haram og Ålesund. I denne sammenheng vart det interessant å kunne intervjue han om eit av favorittkulturminna hans, Dollsteinhola, som han er fascinert av, for då å kunne sjå denne mystiske plassen frå ein arkeolog sin synsvinkel. 

Under følgjer intervjuet med Arve Nytun om hans favoritt-kulturminne i Sande, Dollsteinhola og litt om bakgrunnen hans. 

Arve Nytun - Klikk for stort bilete Jan Luneborg og SIlje S. Mork

Kva er ditt favorittkulturminne og kvifor?

Arkeolog Nytun svarar at han har mange favorittkulturminne, men det han vil trekke spesielt fram er Dollsteinhola. Det vil seie den arkeologiske busettinga som ligg i opninga av Dollsteinhola.

 

Dollsteinhola

  • Fjellet Dollsteinen, som ligg heilt vest på Sandsøya, skjuler den fascinerande grotta Dollsteinhola.
  • Sjølv om inngangen til Dollsteinhola ligg om lag 60 meter over havet på sørsida, strekkjer hola seg nærare 200 meter inn og ned i fjellet. Denne fjellhola vert rekna som ei av dei største og mest fascinerande i landet.
  • Forskarar ved Universitetsmuseet i Bergen forskar no på dei utgravingane som var gjort der på 50-tallet. 

 

  • Der er merka rute frå enden av bilvegen på skare til Dollsteinhola. Her er det nettopp sett opp nytt skilt.
  • Det blir rådd til å nytte lokale guidar i Dollsteinhola. Ein av dei er Atle Beitveit. Han kan kontaktast på telefon: 91 51 11 34
  • Det blir anbefalt å ha eigna sko og klede som ein ikkje er redd for å skitne til.

 

Har du nokon opplevinga eller minner derifrå?

- Eg har vore der både privat og i jobbsamanheng og synest det er ein svært fascinerende plass. I jobbsamanheng har eg i tillegg vore der fleire gongar på synfaring og eg har jobba med skilting av Dollsteinhola. Dei skilta som no i desse dager blir sett opp. 

Arkeolog Arve Eiken Nytun - Klikk for stort bileteArkeolog Arve Eiken Nytun Silje S. Mork
Dollsteinhola - Klikk for stort bilete Jan Luneborg
Dollsteinhola - Klikk for stort bilete Jan Luneborg

Er dette er ein stad som det er stor fagleg fokus på?

-Ja, for eg veit at det forskningsmessig blir gjort ein del akkurat no i forhold til Dollsteinhola. Forskarar ved Universitetsmuseet i Bergen forskar på dei utgravingane som var gjort der på 50-tallet og det er eit kulturminne som har vore av interesse i lengre tid, om enn ikkje nødvendigvis med lang kontinuitet. Men i alle fall sett frå dei ulike tidsepokane der hola er blitt brukt så er kanskje litt ulik bruk frå tidsepoke til tidsepoke og det er veldig interessant berre det da.

Kan du seie noko om historia til staden?

-Dollsteinhola har vore brukt sidan slutten av eldre steinalder, og dei tidlegaste spora er vel om lag 6000 år gamle. Hola er brukt i ulike periodar heilt fram til yngre jernalder, med vikingtida som den siste epoken då. Dei funna som har vore gjort viser svært mykje forskjellig mellom anna bein frå ulike pattedyr, fugl og fisk. Vidare er der gjenstandsfunn som pilespissar og diverse reiskap som er funne der. Det viser at det har vore ein tilhaldstad der. Spesielt viss vi tenkjer yngre jernalder og jernalder. Mellom merovingertid (perioden mellom folkevandringstid og vikingtid) og vikingtid så veit vi at der ligg mange rituelle tankar bak denne type plassar som hellarar og holer, og at dei kan ha blitt brukt meir som ein kultstad, i alle fall i mytologien der hola har ei svært mystisk og spesiell betydning. Dollsteinhola er også nemnt i Orknøysoga som er interessant, og er skreven på 1200-talet. Så ein kan slutte at hola har hatt ulik bruk frå tid til tid og at det blei ein overgang frå buplass til ein meir rituell plass, eller meir mystisk plass då.

Han som stod for utgravinga på 50-talet ved Dollsteinhola, fekk ikkje sluttført rapporten, men materialet finst. To forskarar jobbar no vidare med dei utgravingane som vart gjort der på 50-talet. 

 

Pren - Klikk for stort biletePren Arve Nytun / Møre og Romsdal fylkeskommune
Flint avslag - Klikk for stort bileteFlint avslag Arve Nytun / Møre og Romsdal fylkeskommune
jarnspiss yja - Klikk for stort biletejarnspiss yja Arve Nytun / Møre og Romsdal fylkeskommune

Kva kan ein gjere for å gjere staden meir kjend for andre?

-Mykje er eigentleg gjort. Det er viktig at slike kulturminne som kommunen ønskjer å vise fram blir tilgjengeleggjort både gjennom kulturminneplanane, eller kulturmiljøplanane som det no heiter, men også det som kommunen allereide har gjort ved å prioritere å gjere Dollsteinhola kjend som eit kulturminne med skilt og informasjon knytt til det då. I forhold til dette kulturminne har Sande gjort mykje, men ein kan no alltids formidle det meir då og inspirere til bruk på fleire måtar.

Gravfelt frå eldre jernalder med spennande kulturminne

Nytun framhevar også at i Sande kommune er det mange spennande gravfelt frå eldre jernalder og mange spennande kulturminne som steinalderlokalitetar og helleristningar.

Når bestemte du deg for å bli arkeolog?

-Det var vel i studietida, då eg først tok historie. Dette gjorde at eg starta å ta arkelogifag, og eg fann då ut at det var litt meir handfast på sett og vis. I allefall kombinasjon med praktisk arbeid tiltalte meg meir enn å bli historikar, så det var nok det som gjorde utslaget. Slik er det blitt praktisk og handfast arbeid i sikkert 20 år sidan eg bestemte meg for den retninga eg ville gå.

Dette har ført meg til Ålesund der eg har kontor og er ansvarleg for kulturminna på størstedelen av Sunnmøre. Det som er nedslagsfeltet mitt er i alle fall kommunane på  Søre Sunnmøre og Haram og Ålesund.

Frå toppen av Dollsteinen - Klikk for stort bileteFrå toppen av Dollsteinen Magne Heltne Sætre/Sande kommune
På vei til Dollsteinhola kan du oppleve Sandgjøtten også - Klikk for stort biletePå vei til Dollsteinhola kan du oppleve Sandgjøtten. Magne Heltne Sætre / Sande kommune