Lokale krefter skapte ei flott oppleving for elevane
Fredag 6. mars 2026 var det igjen duka for Feel It skuleshow på Landsbyhuset Breidablikk. Dette er tredje året alle elevane i Sande får oppleve sitt eige show. Både elevar og tilsette fekk ei felles oppleving fylt av musikk, humor, fellesskap og lokal kraft.
Eit stort frivillig apparat
Kulturkonsulent Elin Almestad trekkjer spesielt fram kor viktig den frivillige innsatsen er for arrangementet.
Ho fortel at elevane møter eit stort apparat denne dagen – både dei som står på scena, dei som jobbar bak, og ikkje minst Helselaget på Larsnes. Frivilligheita er avgjerande for eit levande lokalsamfunn, og i Sande stiller folk opp på ein imponerande måte.
– Vi er utruleg heldige i Sande som har så mange ressursar og frivillige som bidreg. Mange tek seg til og med fri frå jobben for å vere med. Dette er tredje året alle elevane får dette tilbodet, og det betyr mykje for heile kommunen, seier Almestad.
Feel It- skuleshow 2026
Silije S. Mork
Feel It- skuleshow 2026
Silje S.Mork
Stine Brune Lillebø på Feel It -skuleshow 2026.
Silje S.Mork
Humor, energi og god stemning
Konferansier Harald Sætre
Silje S. Mork
Konferansier Harald Sætre stod for mykje av underhaldninga mellom innslaga. Han viste triks med alt frå egg og ballongar til pizza. Før maten vart servert, smilte han lurt frå scena og sa at alle måtte ete fire pølser før dei fekk gå laus på snacksen – noko som skapte latter i salen.
Tre elevar frå 10. klasse – Tuva Ekroll Riborg, Linni Voldnes og Marie Aarvik Godø – takka for showet frå scena.
Marie delte også nokre ord om kva dagen hadde betydd for henne.
Tre elevar frå 10. klasse – Tuva Ekroll Riborg, Linni Voldnes og Marie Aarvik Godø
Silje S. Mork
Tre elevar frå 10. klasse – Tuva Ekroll Riborg, Linni Voldnes og Marie Aarvik Godø
Silje S.Mork
– Ei perfekt pause i skulekvardagen
Marie fortel at dagen var både fin og viktig:
– Det var kjekt å få ei pause i skulekvardagen og gjere noko heilt anna. Dei har laga det så fint til, og Helselaget har hjelpt mykje til. Det var veldig gøy å vere på Feel It, seier ho.
Ho hadde òg ein klar favoritt:
– «Optimist» av Jahn Teigen. Den songen har vore ein stor del av klassemiljøet vårt gjennom åra.
Marie fortel at ho gjerne ville vere med å takke fordi ho og dei andre elevane sette stor pris på innsatsen bak arrangementet.
– Alt var bra – stemninga, musikken, maten. Kombinasjonen av konsert og mat var heilt perfekt, seier ho.
Ho håper at dette ikkje blir siste gong:
– Eg håper det blir fleire gongar. Det trengst slike avbrekk, spesielt på ungdomsskulen der det kan vere litt stress innimellom.
Ei felles oppleving for alle skulane
Rektor ved Gursken skule, Marianne Solbjørg Ose, var også imponert.
– Ei flott oppleving, og kjekt å få kome. Det var ei god og samla økt, med god tilrettelegging både for skyss og mat. Ei skikkeleg fin felleskapsoppleving, seier ho.
Feel It skuleshow 2026 blei ein festdag for alle elevane i Sande – eit møte mellom kultur, fellesskap og lokal kraft.