Flott sermoni for nye statsborgarar busett i Sande

Flott sermoni for nye statsborgarar busett i Sande

Dei nye statsborgarane vart ønska hjarteleg velkomen inn i det norske fellesskapet i ein høgtideleg og flott sermoni i Molde. Frå Sande kommune var det innbyggaren Ruth Eshitialo Wesamba som gikk opp på podiet og mottok rose og bok.

Frå venstre: Assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste, statsforvaltar Else-May Botten, Ruth Wesamba og ordførar i Sande kommune Dag Vaagen - Klikk for stort bileteFrå venstre: Assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste, statsforvaltar Else-May Botten, Ruth Eshitialo Wesamba og ordførar i Sande kommune Dag Vaagen Lena Skattum Sandvik / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Ordførar i Sande kommune Dag Vaagen kunne fortelle at det var ein høgtideleg og fin sermoni. Dette var ein flott festdag, der nye norske statsborgarar i Møre og Romsdal vart feira.

Statsforvaltar Else-May Botten song solo og holdt tale for dei nye statsborgarane.

Ho oppmodar vidare alle til å arbeide for å ta del i det norske samfunnet.

– Integrering skjer når du aktivt tar del i demokratiet, i arbeidslivet og organisasjonslivet. Noreg er eit av verdas beste land å bu i, velkomen i det fine norske fellesskapet, seier ho.

Dei nye statsborgarane fekk ei bok og ei rose og sa deretter truskapsløftet til Noreg:

«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»

Vi gratulerer med norsk statsborgerskap!