Gjerdsvika vassbehandlingsanlegg - ny mellombels råvassleidning frå Sædalsvatnet

Gjerdsvika vassbehandlingsanlegg - ny mellombels råvassleidning frå Sædalsvatnet

Teknisk si ute-avdeling har etter ferien hatt det hektisk med å sveisa heile 809 meter med sjølvfallsleidning for råvatn.  Denne er lagt i veggrøft langs fjellvegen i Sædalen opp til Tussa si damfylling i Sædalen.

Bakgrunn

Tussa har hatt ras i kraft-driftstunnelen som går frå Sædalsvatnet.  Dei har varsla ei kortare nedtapping av denne tunnelen i haust for å utføre inspeksjon av skadane. I tillegg vil dei også vurdere eksisterande arrangement. 

Sande kommune får råvatn til Gjerdsvika vassbehandlingsanlegg frå denne tunnelen, og vil ved denne stenginga ikkje få råvassforsyning frå Sædalsvatnet. Ettersom vassverket i Gursken - Holtane vassverk -  ikkje har nok kapasitet å forsyne både Gursken og Gjerdsvika må det skaffast alternativ råvatn.

 

Arbeid

Teknisk sektor i Sande kommune og konsulent Asplan Viak har vurdert det lettast å hente råvatn frå Sædalsvatnet ved å legge eit nytt mellombels leidningsanlegg frå Sædalsvatnet fram til eksisterande vassbehandlingsanlegg i Gjerdsvika, som skal forsyne Gjerdsvika med vatn i denne perioden.  Holtane vassbehandlingsanlegg vil forsyne heile Haugsbygda i denne perioden.

Teknisk si ute-avdeling har etter ferien hatt det hektisk  med å sveisa heile 809 meter med sjølvfallsleidning for råvatn, som er lagt i veggrøft langs fjellvegen i Sædalen opp til Tussa si damfylling i Sædalen. 

Det er samstundes lagt 350 m pumpeleidning til Sædalsvatnet -  delvis i sjø, og etablert flåte for pumpeanlegg. Det mellombelse vassanlegget er klar til bruk når Hareid Group har etablert straumforsyning frå trafo til flåte.  Anlegget er i god rute å verte ferdigstilt i begynnelsen av oktober.

 

Tidsrom for Tussa si tunnel-nedstenging

Tussa har meldt om nedtapping av sin driftstunnel i Sædalen fredag 18. oktober i 2024. Inspeksjon skal utførast måndag og tysdag i veka etter av Tussa. Onsdag 23. oktober skal tunnelen vere oppfylt, og kommunal vassleveranse vert normalisert.

Det kjem melding til abonnentane om dette -  når tidspunktet nærmar seg.

 

Sparetiltak

Sande kommune bed om at kvar enkelt husstand og firma i Gursken og Gjerdsvika begrensar sitt vassforbruk i nedstengningperioden. Kommunen har kontakt med dei største bedriftene i området for å bevisstgjere eit mindre vassforbruk - slik det vert nok vatn til alle.