Glade Gursken

Glade Gursken

Med rundt 820 innbyggjarar er Gursken ein av dei største krinsane i Sande.  Her finn du også store bedrifter som er viktige hjørnesteinar i Sande.

Næringslivet

Myklebust Verft er den største arbeidsplassen i bygda og i perioder med høg aktivitet har dei knapt parkeringsplass til alle som er tilknytta verftet og aktiviteten der. Ordretilgongen har vore god og dei søkjer stadig etter arbeidskraft på ulike område. No er det mellom anna hydrogenskip som står på ordreblokka.

PlaNy leverer produkt til både landbruk, maritim og marin sektor og har rundt 30 tilsette. Bedrifta har lokalisert seg både i Haugsbygda og på Myklebust-myrane.

Gursken oppvekstsenter  og Haugelia barnehage er viktige institusjonar i bygda og gjer at næringslivet kan blomstre. Joker Gursken  er også ein av dei viktige pilarane som gjer at unge og eldre kan bygge og bu i Gursken. 

Det er ledige og byggeklare tomter både på Sætre og i Haugelia dersom du ser etter kommunal tomt. 

Song, musikk og idrett

Gursken har vore bygda med sterke songtradisjonar og mange kor gjennom tidene. Vyrde mannskor og Cormorant er aktive og Sirene har også sitt utspring i bygda. 

For ei tid tilbake slo dei to skulekorpsa -  Haugshorn og Vågen skulekorps -  seg saman og er no eit svært aktivt korps med stor drilltropp og høg aktivitet. Her er trivselen på topp og dei finn på mange kjekke sprell gjennom året.  Gursken idrettslag  og trimgruppa har også mange ballar i lufta - ikkje berre fotballar. Her planlegg dei turvegar og aktivitetsbygg. Laget utbetrar anlegg og lagar til flotte aktivitetstilbod gjennom året - også for dei under skulealder.

Friluftsliv  

Mange nyttar seg av dei fine turløypene i fjellet og ved sjøen.  Gjøneset blir flittig nytta av både lokale og gjennomreisande . Her nyt du den gode utsikta til hav og horisont på fineversdagar og når båra bryt. 

Eller vågar du deg til topps på Gjønå - med fantastisk utsikt både innover i landet og ut mot øyar, holmar og skjer. 

 - Her er det finare utsikt enn i Alpane,  påsto ein europear som haddde nådd målet Gjønå med 532 meter over havet.

Feriehus og fiske

Dei siste 20 åra har det dukka opp veldig mange feriehus langs fjorden, både i Haugsbygda og  i Sætre-fjøra. Det er tydeleg at hytte ved sjøen med gode moglegheiter for fiske er populært.

Feriere, bygge eller bu? - det er fint i Gursken !