God butikk med solcellepanel
Solcellepanelet på Sandetun omsorgssenter passerte i dag ein produksjon frå januar til i dag på 100 000 kilowatttimar, og produksjonen går uavkorta til eige forbruk på bygget. Kanskje vert produksjonen like mykje resten av året.
- Det er eit slikt system alle institusjonar med døgndrift skulle hatt, seier Kjell Hauge - byggeleiar for kommunale bygg.
Han er godt fornøgd med både installasjonen og resultatet av dette viktige miljøtiltaket som sparer kommunen for pengar kvar einaste dag. Det vert ytterlegare montert ca 800 m2 med panel på det nye bygget som er under oppføring. Dette med støtteordning 50% frå Husbanken.
Sande kommune fekk 100% finansiering av anlegget via støtteordningar frå Husbanken i 2023, så dette har vore eit vellukka prosjekt på alle måtar for kommunen - og full inntening frå første dag.
Sande kommune