Hoppetaukonkurransen 2024 –«Hopp for hjertet»

Hoppetaukonkurransen 2024 –«Hopp for hjertet»

Nasjonalforeininga for folkehelsa ønsker å stimulere til auka fysisk aktivitet i skulen, og bidra til at skuleelevar får gode erfaringar med å vere fysisk aktive. Denne våren har elevane ved Kvamsøy oppvekstsenter, frå fyrste til og med sjuande trinn, teke del i hoppetaukonkurransen «Hopp for hjertet». 

Dette er ein morosam og inkluderande aktivitet der elevane opplever meistring og trivsel i fellesskap.

Måndag 3. juni fekk Kvamsøy skule besøk av tre damer frå Kvamsøy Helselag; Kari Ristesund, Dagny Brekke og Hanna-Lise Kvamme. Dei hadde med diplom og pengegåve til dei som hadde teke del i konkurransen. Elevar og tilsette takkar Kvamsøy helselag for pengegåve og diplom, og vi set stor pris på alt som Kvamsøy helselag tilfører skulen. Elevane får sjølvsagt vere med på å bestemme kva pengane skal brukast til. Kontaktlærarane Jorunn Worren og Ingrid Bringsvor Voksøy tok imot pengegåva frå Kvamsøy Helselag, på vegne av elevane.

Frå venstre: Kari Ristesund, Ingrid Bringsvor Voksøy, Jorunn Worren, Dagny Brekke og Hanna-Lise Kvamme.  - Klikk for stort bileteFrå venstre: Kari Ristesund, Ingrid Bringsvor Voksøy, Jorunn Worren, Dagny Brekke og Hanna-Lise Kvamme.