Formannskapet si tilråding er slik:
1. Kommunedirektøren sitt framlegg til økonomiplan 2025 - 2028 og årsbudsjett 2025 vert vedteke slik det går fram av framlegget og med dei rammene som det går fram av tabellar og oppstillingar under menypunkt “Budsjettvedtak”, med slike endringar:
Sandsøy barnehage – fullfinansiering drift heile året 2025 + 1,0 mill. Etterfølgande år i økonomiplanperioden +1,9 mill. Finansiering 2025 – av ekstramidlar rammetilskot (kr 1,875 mill)
Sande kyrkjelege fellesråd – kommunalt tilskot 2025, + kr 0,3 mill, vidareføring i planperioden årleg + 0,3 mill. Finansiering 2025 – ekstramidlar rammetilskot.
Oppvekstsektoren – Strukturendring for grunnskuleelevane på Gurskøya, ref. kommunedirektøren sitt framlegg knytt til siste år i planperioden. Framskunding av tiltak seinast til skulestart haust 2026. Innsparing 2026 med inntil om lag kr 2,5 mill, innsparing frå 2027 med årleg inntil om lag kr 5,0 mill.
Politikargodtgjersle – endre grunnlaget frå 8,8 G til 8.0 G. Årleg innsparing f.o.m. 2025 med om lag kr 0,2 mill. Forskrift vert å revidere i samsvar med slik endring.
Potensielle innsparingar/auka inntekter:
- vurdere eigedomsmassen: Kan vi klare oss med mindre. Leiger vi lokaler til tenester som vi kan huse sjølve?
- gjennomgang av samla bilpark: kost/nytte
- vurdere moglegheita for fleirbruks kommunal mini-buss organisert av frivillegsentralen, lag og organisasjonar. Finansert som spleiselag.
Alternativ kutt til 70 % som er foreslått på helsestasjonen:
20% helsestasjon
20% psykisk helse og rus
10 % kommunelege
20% einingsleiar helseavdelinga (ref færre tilsette grunna teke vekk tenestekoordinering)
2. Kommunedirektøren sitt framlegg til «Investeringsbudsjett 2025-2028» vert vedteke slik det går fram av “Investeringar i økonomiplanen”. Sande kommunestyre godkjenner eit samla låneopptak på inntil 37 000 000 kroner, inklusiv 1 000 000 kroner til vidareutlån av startlån, med slike endringar:
- skubbe på investeringar som kan utsetjast for å dempe veksten i finanskostnader
- prioritere oppgraderingar og ny—innbyggar satsingar
- alle investeringsprosjekt skal godkjennast av kommunestyret før oppstart
3. Framlegg til gebyr- og betalingsregulativ for 2025 vert vedteke slik det går fram av “Gebyrliste”.
4. Sande kommunestyre vedtek følgjande forslag til finansielle måltall for økonomiplanperioden 2025-2028:
- Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter bør vere minimum 1,75%
- Disposisjonsfondet skal i løpet av planperioden ligge på 4% av brutto driftsinntekt
Høyringssvar og frist
Høyringssvar må vere skriftleg.
Du kan skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnummer 24/689.
Du kan også bruke e-post: postmottak@sande.kommune.no
Høyringsfrist: 9.desember