Inviterer til sorggruppe for barn

Inviterer til sorggruppe for barn

Har du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? I haust kan barn i 1.–7. trinn frå sjustjerna vere med på sorggruppe på Ulstein helsestasjon.

Sorggruppe er eit interkommunalt samarbeidsprosjekt for alle barn i dei sju kommunane på søre.

Det vert samling fem gongar i 1,5 timar. 

Tilbodet er gratis, livssynsnøytralt og interkommunalt. Gruppa vert leia av to helsesjukepleiarar.

  • Stad: Ulstein helsestasjon, Reiten 20
  • Tidspunkt: Klokka 13.30–15.00
  • Datoar: 
    • 31. oktober
    • 14. november
    • 21. november
    • 28. november
    • 5. desember

Påmelding til helsesjukepleiar Mari Haugen Lunde i Ulstein kommune.

 

Pixabay