Juleglede - Flott at så mange har bidrege

Juleglede - Flott at så mange har bidrege

Denne veka har det vore arbeid med matkassepakking og utlevering i Sande. noko som har gjeve stor glede til mange. Leiar for Sande Frivillegsentral, Ann-Kristin Brekke Oksavik, er svært nøgd med innsatsen frå alle dei frivillige.

Pakking og utdeling

46 matkasser har blitt pakka og 116 personar i Sande fekk glede av dette. Pakkinga av matkassene føregjekk i Hallebygda, der dei fekk disponere Halletun over fleire dagar. Tysdagen vart brukt til montering av kassene, medan onsdagen gjekk med til pakking, innpakking av gåver, og organisering av utdelinga.

Takk til dei frivillige

Oksavik vil rette ei stor takk til alle som har bidrege, både med pakking og innhald til matkassene.

– Mange frivillige har hjelpt til, og fleire stilte på kort varsel då nokon melde avbod. Dette hadde ikkje vore mogleg utan dei frivillige.

Støtte frå lokalsamfunnet

Innhaldet i matkassene var svært variert med julemat,ulike middagar ,kjeks  og mykje anna godt., Utan bidraget frå Sparebankstiftinga ville ikkje dette vore mogleg. Frivillegsentralen har handla mat frå alle butikkane i kommunen - Oksavik fortel at det er fint å kunne bidra til dei lokale butikkane.

Oksavik fortel vidare at ho er svært takknemleg for alle gåvene frå bedrifter, lag og organisasjonar. Dei har mellom anna motteke gåver frå: Gjerdsvika kulturlag, Adolfbuda, Gjerdsvika idrettslag, Rørservice Uri, Gjerdsvika Vel, Stadt ved Hallvard Slettevoll. 

Elles gav butikkane også lestar, kjeks og diverse anna til matkassene og gåvene.

Dette initiativet har vist kor viktig det er med samhald og frivillig innsats i lokalsamfunnet.