Kjekk nissefest i Haugelia barnehage

Kjekk nissefest i Haugelia barnehage

I dag har barna i Haugelia barnehage hatt nissefest, der dei har kledd seg ut som nissar og vore på nissejakt og opplevd julemagi.

Nissefest - Klikk for stort bileteNissefest Haugelia barnehage

Både småbarnsavdelinga Armkroken og Leikekroken har vore på nissejakt og fann julemagi i skogen.

Der hadde julenissen vore å pynta juletreet og lagt igjen julegåver under treet til Armkroken og eit julebrev til barna i Leikekroken. Julenissen hadde også gløymt lua si, så dei er svært spente på om han hugsar å hente den…

Barna på Leikekroken måtte løyse ei gåte for å finne julegåvene – og heldigvis gjorde dei det med glans og dei fann julegåvene i vognskuret i barnehagen.  Alle barna fekk vere med på å opne julegåvene og det var stas med nye leiker.

Etterpå gjekk dei mellom anna rundt juletreet, så hadde dei  julesamling og juleaktivitetar.   Seinare åt dei nissegraut med rosiner og peparkake etter grauten.

Ein veldig fin nissefest der både barna og dei vaksne var utkledde som nissar.