F.v. Arild Sande, Brit Gurskevik og Henrik Grimstad
Silje S. Mork
Det kom overraskande på kulturprisvinnarane at dei fekk utdelt prisen denne dagen. Der var mange som var der for å delta på den tradisjonnelle og stemningsfulle julemessa i Vikepetterløda.
Rett før dei fekk utdelt prisen, song og spelte Silje Muri og Kevin Søvre Myklebust ein nydeleg song: “Et lys i mørketida” av Trygve Hoff. Silje og Kevin hadde skreve om nokre vers til teksten:
“Arild og Brit, de står alltid på for bygda og folket, for store og små, konsertar, teater, eventyrsti. Vi kan aldri vite kva det neste vil bli. Så takk for det lyset som de to skaper. Eit lys, eit lys, eit lys for heile bygda.”
Mottakarane av kulturprisen sette tydeleg pris på utmerkinga.
Arild sa vi er to pensjonista som driv på med denne løda. -Det er det med å ha noko å styre med, vi greier ikkje å stå i ro. Vi må heile tida finne på eit eller anna. Deretter takka han for prisen. Etter dette gav han ordet vidare til Brit. -Alt vi gjer får vi så mykje igjen for sjølve. Brit sa vidare at dei har mange flinke folk som er med på det dei finn på. Tusen hjarteleg takk.
Det er flott at frivillig arbeid som dette kjem fram i lyset, og særlig når det er så varierte aktivitetar dei har delteke i og stått for.
F.v Kevin Søvre Myklebust og Silje Muri
Silje S. Mork
Kulturprisnemnda
Kulturprisnemnda har vurdert vinnarane av kulturprisen i Sande som svært verdige kandidatar gjennom deira evne til å få folk med seg på små og store kulturopplevingar. Ein kan bl.a. nemne:
-At vinnaren har vore sentrale aktørar i Gurskenrevyen
-Har hatt eit stort engasjement i Kong Arthurspelet som bl.a. idemakarar, tekstforfattarar og utøvara
-Stått for innsamling av bilde og lokal historie gjennom Gurskenkalendaren
-Har vore initiativtakarar og eldsjeler for Eventyrstien
-Har stått for mange kulturarrangement gjennom mange år i Vikepetterløda som:
- Konsertar og mikrofestivalar
- Julemesse
- Nissefest og nissejakt på tunet for borna
- Og andre kulturelle arrangement
Kulturprisen i Sande
Kulturprisen er oppretta gjennom eit samarbeid mellom Sande kommune og Sparebanken Møre, Larsnes.
I fylgje vedtektene kan kulturprisen delast ut til ein eller fleire, einskildpersonar eller lag som høyrer heime i Sande kommune, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege. Særskilt kulturinnsats kan vurderast på fritt grunnlag innanfor dei rammene som elles gjeld i vedtektene.
Utveljing av kandidatar og vurdering av om det er verdige kandidatar, vert føreteke av ei kulturprisnemnd på 2 medlemmar som er politisk valt i Sande kommune, og ein representant frå Sparebanken Møre, Larsnes.
Silje S. Mork