Kva bestemte kommunestyret

Kva bestemte kommunestyret

Siste kommunestyremøtet før sommarferien var den 18. juni. Her vart mellom anna innsparingstiltaka for 2024 og 2025 og tertialrapporten for 1. tertial 2024 vedtekne. 

Er du interessert i å sjå kommunestyremøtet kan du gjere det ved å følgje linken her.  

Du kan også lese sakspapira og protokollen her. 

Du kan lese alle vedtaka under. 

K-52/24 Interpellasjonar

IP 02/24 Interpellasjon:  Hovedkjøkken v/Sandetun

Sande Sp v/Hans-Petter Hjelle: 

 Det har våre fleire oppgraderingar ved Sandetun dei siste åra, men eg har ikkje høyrt noko om at kjøkkenet har vorte skikkeleg oppgradert. Eg vil derfor be om at administrasjonen kan gi ein enkel status rapport på korleis forholda er på denne avdelinga på Sandetun. Dette er med tanke på den økonomiske situasjonen i kommuna, slik at vi ikkje blir overraska med store uventa kostnadar. 

 Eg hadde settstor pris på om følgande punkt blir tatt med, men ikkje avgrensa til; 

• Arbeid som har blitt utført deisiste 5 åra. 

• Langsiktige planlagde oppgraderingar/behov. 

• Akutte behov. 

• Tilstand på fast utstyr (ventilasjon, ovnar, kjøle/frys, oppvask osv.). 

• Tilstand på lokalet.

• Status på lager kapasitet, Tørr, Kjøl og Fryse kapasitet. 

• Reinhald (er det enkelt å spyle/vaskened golv og arbeidsflater, fall tilslukar osv.) 

• Kjøp og vedlikehald av utstyr; Blir dette utført av lokale Storkjøkken/Bysse utstyrs leverandørar (Ja dette finst på søre sunnmøre) eller er dette utført av selskap som har høge reiseutgifter når det oppstår et problem. 

• Avvik; Har det vore avdekt/innrapportert avvik dei siste 3 åra frå til dømes, Mattilsynet, eksterne kvalitetssikrings partnerar, eigne ansatte eller avdekte forhold igjennom intenkontrollar på rutiner.

 Interpellasjonen er svara på med orienteringssak 04/24.

 

IP 03/24 Interpellasjon: Sosial ulikskap, også i Sande?

Sande Ap v/Marthe Longva Strandbakken: 


Helsedirektoratet presenterte denne månaden ein rapport om sosial ulikskap i helse som viser store sosiale ulikskapar i samfunnet. Ulikskap i dødelegheit syner at mange sjukdommar kan og bør førebyggjast. Vi må samarbeide betre på tvers av sektorar i folkehelsearbeidet, då helse påverkast av mange faktorar utanfor helsesektoren. Det er stort potensiale for å redusere unødvendig sjukdom gjennom å jamne ut sosiale ulikskapar.

Barn si helse påverkast av låg sosioøkonomisk status, som igjen påverkar omsorgsbetingelsane og dermed barna si utvikling. Økonomiske utfordringar kan føre til dårleg psykisk helse hjå foreldra, og dårlege bustadforhold, rusproblem og psykiske lidingar er vanlegare blant familiar med låg inntekt. Dette påverkar barns utvikling og deira moglegheiter for utdanning, jobb og yrkesval seinare i livet.

For å hjelpe desse familiane treng ein ikkje berre økonomisk støtte, men også gode offentlege tenester som helsestasjon, barnehagar, skular og SFO, samt støtte og veiledening til foreldra. Det er viktig å sørgje for treffsikre tenester slik at fleire barn kan oppleve ein trygg og omsorgsfull heim samt opplever eit godt miljø om ein er i barnehagen, på skulen eller SFO.
I Sande kommune, grunna få barn på dei ulike klassetrinna, er det vanskeleg å få ein fullstendig oversikt på ulike tema gjennom til dømes Ungdata-undersøkingar. Vi må derfor lytte til fagfolk på helsestasjonen, i barnehagar, SFO og skular. Utdanningsforbundet har peikt på at dagens situasjon i skulen ikkje er haldbar: barna våre får ikkje alltid dekt sine behov i løpet av skuleåret.
Når ein då ser på kutta som blei gjort i haust med blant anna vakant stilling som ungdomsarbeidar, kutt i kulturmidlar, kutt i fysiotenesta og ser no på forslag til kutt i kulturskulen, forslag til interkommunalt PPT og liknande må vi som politikarar vakne, for igjen er det framtida vår vi ikkje satsar på. Vi må prioritere på den måten at grunnlaget for barna og familiane er gode, ein tek gode val og er godt rusta til kvardagen og det livet elles byr på. 

Ein veit at utfordringane som ein møter til dømes i skulen ikkje kan handterast av berre læraren, og Sande kommune er snart den einaste kommuna i 7-stjerna som ikkje har miljørettleiar i skulen. Vi veit at dette er ei viktig faggruppe for å være ei støtte der læraren kjem til kort. Ein har helsesjukepleiar i skulen, men som rapporten beskriv treng ein ei større tverrfagleg gruppe, som her kunne vore: skule, fysioterapi, helsesjukepleiar, miljørettleiar. Ungdomsarbeidaren i kommunen var ein samlande funksjon som sørgja for at ungdomane i kommunen møtast på fritida gjennom ein felles møteplass og var med på å skape gode øyeblikk til tross for at ressursane var små, igjennom ungdomsrådet veit vi at dette er noko ein saknar i dag.

Sande Arbeidarparti vil at det nye kommunestyret, gjerne også vararepresentantar skal gjennomgå samfunnsplanen og verdiane våre for å sjå korleis vi skal prioritere ilag og tenke på Sande kommune i framtida – vi må være ei kommune som ønsker å ha tilbake alle dei kjekke ungdomane våre, som buset seg og stiftar familie her. Då må vi ha ein god politikk, som kjem alle til gode, vi må ha kontinuerleg satsing og fokus på førebyggjande og helsefremjande arbeid med barn og unge. Dette inkluderer blant anna å prioritere kompetanse inn der barn og unge er, gjeninnføre ungdomsarbeidaren, og skape sosiale møteplassar for ungdom. Vi må spele meir på lag med lag og organisasjonar - for vi har sosial ulikskap også her i kommunen, og det er noko vi samla kan og bør gjer noko med!
 

Svar på interpellasjonen frå ordføraren: 

Vi tenkjer gjerne at vi lever i eit velferdssamfunn med små skildnader, der dei aller fleste får mulegheit til utdanning og jobb, og ikkje minst der alle har rett til helsehjelp. Internasjonale undersøkingar viser også at Noreg har mindre sosiale skildnader enn dei fleste andre land i Europa. Likevel tyder fleire nye rapporter på aukande inntektsskildnader i det norske samfunnet. Det er fleire som veks opp i lavinntektsfamilier. Frå statistisk hald vert dette  til dels forklart med innvandring frå fattige land, og at fleire born veks opp i hushaldningar med berre ein forelder. Slike skildnader kan over tid påverke om ein havnar innanfor eller utanfor fellesskapet. Handlar også om sosial rang.

 

Ja, vi har sosial ulikskap, også i Sande. Og korleis skal vi arbeide med utfordringane? Vi har relevante data gjennom helseundersøkinga i 2021 i regi av M&R fylkeskommune og Folkehelseinstituttet der deltakinga var så god at den ga talmateriale på kommunenivå. Så har vi Ungdata kartlegging retta mot born og unge. Her har Sande kommune delteke over tid og vi kan sjå trendutvikling målt mot fylke og nasjon. Vidare hadde vi ei stor innbyggarundersøking i Sande kommune i samarbeid med Distriktssenteret i 2021. Nemnde undersøkingar er omtalte i vår samfunnsplan Leve livet i Sande 2022-2034. Når eg først er inne på samfunnsplanen: Den har visjonsbildet «Sande – i lag!» der tråden er «fellesskap som er inkluderande, likeverdig og trygt», og har verdisettet Mangfold – Humor – Ansvarleg. I det heile er samfunnsplanen vår gjennomsyra av at dei største mulegheitene våre går gjennom den sosiale berekraftsdimensjonen. 

 Heldigvis er det slik tema at sosial ulikskap/utanforskap for tida får stor merksemd i samfunnsdebatten. I nyttårskonferansen i regi av KS, statsforvalteren og fylkeskommunen var dette hovudtema, og det same under North West-dagane i Ålesund siste dagane i april d.å. 

Elles støttar eg fullt ut interpellanten si påpeiking av behovet for tverrfagleg samarbeid og samarbeid kommune - lag og organisjonar.

Alt i alt må vi gjennom god styring og prioritering i større grad prioritere dei unge. Difor er det umåteleg viktig at vi i felleskap snarast får kontroll over kommuneøkonomien.

 

K-53/24 Grunngjevne spørsmål

SP 01/24 Grunngjeve spørsmål: Bygge og brenne sankthansbål - status

 Sande Ap v/Camilla Auflem Vik: 

På desembermøtet 2023 gjor kommunestyret følgjande vedtak: 

PS 100/23 Forskrift om open brenning/bålbrenning, Sande kommune, Møre og Romsdal - slutthandsaming   

 Oversendingsframlegg frå Toril Urkedal, Ap: Kommunestyret ber adm og NTM om å legge til rette for å finne løysinger slik at ungdom får løyve til å bygge og brenne sankthansbål på høveleg stad.

 og i Formannskapet var denne saka oppe med følgjande vedtak. 

OV 02/24 Oversendingsframlegg: Bygge og brenne sankthansbål 
Vedtak: Oversendingsframlegget vert sendt til administrajonen der ein ber om ei orientering om regelverk og moglegheiter, og eit forslag om korleis dette kan gjennomførast i Sande.   

Sande Arbeiderparti ynskjer å vite kva som er status i denne saka. 

 

Ordføraren svara på spørsmålet:

Brannsjefen har denne veka lagt ut meldinga «Har du planar om å tenne jonsokbål», på kommunen si heimesida.  Slik eg ser det er innhaldet i denne meldinga dekkande for status i saka. 

Har du planar om å tenne jonsokbål?

Om ein har planar om bålbrenning i samband med jonsokfeiringa må dette søkast om innan 18.juni.

Brannsjefen vil ha oversikt over alle jonsokbåla i kommunen. I søknaden må følgande informasjon kome fram:

·         kontaktinformasjon for bålansvarleg og opprydding etter brenning (namn, mobilnr)

·         kvar bålet er sett opp (lokasjon)

·         når det er planlagt tenning av bål

Send søknaden til: postmottak Sande kommune

Kvar enkelt søkjar vil få tilbakemelding på sin søknad.

Bygge og brenne jonsokbål

Sande kommune har gjeldande lokal føreskrift om open brenning/bålbrenning:

Føremålet med føreskrifta er å redusere sannsynlegheita for brann, samt motverke skade og annan forureining som oppstår i og ved open brenning.

Det er i føreskrifta § 4 lagt ned forbod mot brenning av bål på svaberg eller anna underlag som kan bli skada. Føreskrifta gjeld ved sidan av det generelle bålforbodet i Noreg mellom 15. april og 15. september (sommarhalvår). Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grill i nærleiken av skog, kystområde og anna utmark.

Det er vidare eit unntak i føreskrifta når det gjeld brenning av jonsokbål (§ 5 bostav f). Tenning av jonsokbål av reint trevirke der dette ikkje kan føre til skade eller stor fare for brann.  Det vert stilt krav om rydding etterpå.  Det må søkjast om løyve frå brannsjefen på førehand for dette unntaket. Dette innber at det skal søkast om jonsokbål innan 18. juni.

Gode råd og tips om branntryggleik finn ein på nettsida sikkerhverdag.no

 

K-56/24 Forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll - Sande kommune - 2024 - 2027

Vedtak:

1. Kommunestyret vedtek å prioritere følgjande forvaltningsprosjekt i planperioden:
a. Rekruttering og sjukefråvær, innan helse og omsorg
b. Økonomistyring
c. Oppvekst
d. Sakshandsaming (helse og omsorg)
e. HR/arbeidsmiljø/IA
 

2. Kommunestyret gjev kontrollutvalet fullmakt til å vedta prioritetsrekkefylje og evt. 
leggje til nye prosjekt innanfor ramma for utføring
 

3. Kommunestyret vedtek at betaling for utførte prosjekt vert dekka inn i den årlege 
betalings-/tilskotsordninga til kommunen sin revisjon. Dersom andre utfører 
forvaltningsrevisjon på grunn av omsyn til habilitet, kapasitet eller kompetanse, vert 
betaling å avgjere i det enkelte tilfelle (jf. lov om off. innkjøp).
 

4. Kommunestyret vedtek at denne planen for forvaltningsrevisjon gjeld inntil ny plan 
ligg føre.
 

5. Kommunestyret registrerer at utføring av forvaltningsrevisjons-prosjekta må 
koordinerast med statlige tilsyn (Statsforvaltaren)

K-57/24 Suppleringsval

Vedtak:

Felles forliksråd for Herøy, Sande og Vanylven: 

1 medlem : Anne-Marte Skarmyr Beitveit

1 varamedlem: Magnus Hjelle

2 møtefullmektig: Wenche Bjørkeng, Vebjørn Torset

 

Sunnmøre Regionråd: 

2 nye varamedlemmar: Wenche Bjørkeng og Camilla Auflem Vik

 

Søre Sunnmøre kommunerevisjon:

Ny varamedlem:  Ingunn Notøy

K-58/24 Kjøp av areal

Saka er unnateke offentlegheit etter § 14. Når endeleg vedtak er klart, vil saksframlegget verte offentleggjort. 

K-59/24 Beredskapsplan for kommunal kriseleiing - økonomisk fullmakt og godkjenning

Vedtak:

Sande kommunestyre gir kriseleiinga i Sande kommune fullmakt til å disponere kr 1.000.000,- for å kunne avverge og avgrense skadeverk som inntreff som følgje av akutte kriser der det er fare for liv, helse, verdiar og naturmiljø.

Sande kommunestyre godkjenner beredskapsplanen for kriseleiinga i Sande kommune.

K-60/24 Ny avdeling i Gjerdsvika barnehage
  1. Prosjekt ny avdeling ved Gjerdsvika barnehage vert flytta frå 2025 til 2024 i samband med rebudsjettering i 1. tertialrapport 2024. 
  2. Kostnaden må dekkast inn med tilsvarande auke i låneopptak, eller reduksjon i investeringsplanane for 2024.
K-61/24 Forskrift om elevpermisjonar i Sande kommune

Vedtak:

Forskrift om elevpermisjon i Sande kommune vert vedteke slik den ligg føre. 

K-62/24 Forskrift om hovudmål i Sande kommune

Vedtak:

Forskrift om hovudmål i Sande kommune vert vedteken slik den ligg føre. 

K-63/24 Forskrift om skuledemokrati og skulereglar i Sande kommune

Vedtak:

Forskrift om skuledemokrati og skulereglar vert vedteken slik den ligg føre.

K-64/24 Forskrift om skulefritidsordning i Sande kommune

Vedtak:

Forskrift om skulefritidsordning i Sande kommune vert vedteken slik den ligg føre. 

K-65/24 Forskrift om skulerute i Sande kommune

Vedtak:

Forskrift om skulerute i Sande kommune vert godkjent slik den ligg føre. 

K-66/24 Høyringssvar til revidert samarbeidsavtale med Helse Møre og Romsdal HF

Vedtak:

Sande kommune viser til høyring om ny samarbeidsavtale mellom kommunane i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal HF, og sender inn vedlagt uttale som høyringssvar.

 

K-67/24 Delegeringsreglment for Sande kommune - godkjenning

Vedtak: 

Delegeringsreglementet for Sande kommune vert vedteke slik det går fram av KF Delegering/Sande.

Reglementet trer i kraft straks.

Kommunedirektøren skal sørge for tenlege rutinar for oppdatering av delegeringsreglementet. Ein revidert versjon skal godkjennast av kommunestyret i januar kvart år. 

·         Endringar eller ny delegering frå kommunestyret til andre politiske organ eller til kommunedirektøren skal behandlast av kommunestyret.

·         Endringar i kommunedirektøren si interne delegering av mynde krev ikkje nytt vedtak i kommunestyret. 

·         Kommunedirektøren har mynde til å gjere redaksjonelle endringar i reglementet. 

K-68/24 Eigedomsstrategi for Sande kommune 2024 - 2036

Vedtak: 

Eigendomstrategien for Sande kommune 2024-2036 vert godkjent slik den ligg føre.

K-69/24 Finansreglement for Sande kommune

Vedtak:

Kommunestyret vedtek finansreglementet for Sande kommune slik det ligg føre. 

K-70/24 Tildeling av fast salsløyve for perioden 01.07.2024 - 30.09.2028 - Coop Marked Kvamsøy v/Coop Nordvest SA

Vedtak:

Kommunestyret har vurdert søknad frå Coop Nordvest SA, org.nr. 942763654 , dagsett: 14.05.2024, og merknadar som er motteke i saka. 

1. Søknad om salsløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 (lavare alkoholinnhald enn 4,8 volumprosent) for Coop Marked Kvamsøy, Hamna 11, 6087 KVAMSØY vert imøtekomen.

Som styrar for salsløyve vert Nina Liaset godkjent.
Som avløysar for salsløyve vert Maria Camello godkjent.
 

2. Løyveperioda gjeld frå 01.07.2024 til 30.09.2028.

3. Det vert gitt løyve til å selje alkohol i ubetjent butikk med ei prøvetid på 6 mnd. frå oppstartdato. 

4. Vedtaket vil administrativt verte automatisk fornya for perioden 2028 – 2032, dersom krava til løyve framleis er stetta, og i medhald til godkjende retningsliner for automatisk fornying.

Salstidene for alkohol gruppe 1 vert:

1. Kvardager mellom 09.00 - 20.00 
2. Laurdag og dagar før heilagdagar 09.00 - 18.00
3. Dagen før Kristi Himmelfartsdag 09.00 – 20.00

Det er ikkje tillate å selje alkohol i butikk søndagar, heilagdagar, 1. mai og 17 .mai. 

Vara skal vere betalt innan salstida sin slutt.

Brot på salsforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for salsløyve.

Grunngjeving: Vedtaket er gjort med heimel i alkohollova § 3 og alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen.

K-71/24 Tildeling av fast salsløyve for perioden 01.07.2024 - 30.09.2028 - Coop Marked Sandsøy v/Coop Nordvest SA

Vedtak:

Kommunestyret har vurdert søknad frå Coop Nordvest SA, org.nr. 942763654 , dagsett: 14.05.2024, og merknadar som er motteke i saka. 

1. Søknad om salsløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 (lavare alkoholinnhald enn 4,8 volumprosent) for Coop Marked Sandsøy, Sandshamna 76, 6089 Sandshamn  vert imøtekomen.

Som styrar for salsløyve vert Anna Kirsti Skare godkjent.
Som avløysar for salsløyve vert Maria Camello godkjent.

2. Løyveperioda gjeld frå 01.07.2024 til 30.09.2028.

3. Det vert gitt løyve til å selje alkohol i ubetjent butikk med ei prøvetid på 6 mnd. frå oppstartdato.

4. Vedtaket vil administrativt verte automatisk fornya for perioden 2028 – 2032, dersom krava til løyve framleis er stetta, og i medhald til godkjende retningsliner for automatisk fornying.

Salstidene for alkohol gruppe 1 vert:

1. Kvardager mellom 09.00 - 20.00 
2. Laurdag og dagar før heilagdagar 09.00 - 18.00
3. Dagen før Kristi Himmelfartsdag 09.00 – 20.00

Det er ikkje tillate å selje alkohol i butikk søndagar, heilagdagar, 1. mai og 17 .mai. 

Vara skal vere betalt innan salstida sin slutt.

Brot på salsforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for salsløyve.

Grunngjeving: Vedtaket er gjort med heimel i alkohollova § 3 og alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen.

K-72/24 Tildeling av fast salsløyve for perioden 01.07.2024 - 30.09.2028 - Coop Marked Gjerdsvika v/Coop Nordvest SA

Vedtak:

Kommunestyret har vurdert søknad frå Coop Nordvest SA, org.nr. 942763654 , dagsett: 15.05.2024, og merknadar som er motteke i saka. 

 

1. Søknad om salsløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 (lavare alkoholinnhald enn 4,8 volumprosent) for Coop Marked Gjerdsvika, Dekkevegen 2, 6083 GJERDSVIKA vert imøtekomen.

 Som styrar for salsløyve vert Rita Pettersen godkjent.
Som avløysar for salsløyve vert Rita Moltumyr Arnesen godkjent.

2. Løyveperioda gjeld frå 01.07.2024 til 30.09.2028.

3. Det vert gitt løyve til å selje alkohol i ubetjent butikk med ei prøvetid på 6 mnd. frå oppstartdato.


4. Vedtaket vil administrativt verte automatisk fornya for perioden 2028 – 2032, dersom krava til løyve framleis er stetta, og i medhald til godkjende retningsliner for automatisk fornying.

Salstidene for alkohol gruppe 1 vert:

1. Kvardager mellom 09.00 - 20.00 
2. Laurdag og dagar før heilagdagar 09.00 - 18.00
3. Dagen før Kristi Himmelfartsdag 09.00 – 20.00

 

Det er ikkje tillate å selje alkohol i butikk søndagar, heilagdagar, 1. mai og 17 .mai. 

Vara skal vere betalt innan salstida sin slutt.

Brot på salsforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for salsløyve.

Grunngjeving: Vedtaket er gjort med heimel i alkohollova § 3 og alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen.

K-73/24 Tildeling av fast salsløyve for perioden 01.07.2024 - 30.09.2028 - Mat på Larsnes AS - Joker Larsnes

Vedtak:

Kommunestyret har vurdert søknad frå Mat på Larsnes AS, org.nr. 993171921, dagsett: 13.05.2024, og merknadar som er motteke i saka. 

1. Søknad om salsløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 (lavare alkoholinnhald enn 4,8 volumprosent) for Mat på Larsnes AS, Larsnesveien, 6084 Larsnes vert imøtekomen.

Som styrar for salsløyve vert Anette Gulbrandsen godkjent.
Som avløysar for salsløyve vert Tor Egil Gulbrandsen godkjent

2. Løyveperioda gjeld frå 01.07.24 til 30.09.28.

3. Vedtaket vil administrativt verte automatisk fornya for perioden 2028 – 2032, dersom krava til løyve framles er stetta, og i medhald til godkjende retningsliner for automatisk fornying.

Salstidene for alkohol gruppe 1 vert:

1. Kvardager mellom 09.00 - 20.00 
2. Laurdag og dagar før heilagdagar 09.00 - 18.00
3. Dagen før Kristi Himmelfartsdag 09.00 – 20.00

Det er ikkje tillate å selje alkohol i butikk søndagar, heilagdagar, 1. mai og 17 .mai. 

Vara skal vere betalt innan salstida sin slutt.

Brot på salsforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for salsløyve.

 

Grunngjeving: Vedtaket er gjort med heimel i alkohollova § 3 og alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen.
 

K-74/24 Tildeling av fast salsløyve for perioden 01.07.2024 - 30.09.2028 - Landhandleriet Gursken AS - Joker Gursken

Vedtak:

Kommunestyret har vurdert søknad frå Landhandleriet Gursken AS - Joker Gursken, org.nr. 926646605, dagsett 13.05.2024, og merknadar som er motteke i saka.

1. Søknad om salsløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 (lavare alkoholinnhald enn 4,8 volumprosent) for Landhandleriet Gursken AS, Gurskenvegen 6, 6082 Gursken  vert imøtekomen.

Som styrar for salsløyve vert Henriette Sætre Hauge godkjent.
Som avløysar for salsløyve vert Solfrid Saure godkjent.

2. Løyveperioda gjeld frå 01.07.24 til 30.09.28.

3. Vedtaket vil administrativt verte automatisk fornya for perioden 2028 – 2032, dersom krava til løyve framleis er stetta, og i medhald til godkjende retningsliner for automatisk fornying.

Salstidene for alkohol gruppe 1 vert:

1. Kvardager mellom 09.00 - 20.00 
2. Laurdag og dagar før heilagdagar 09.00 - 18.00
3. Dagen før Kristi Himmelfartsdag 09.00 – 20.00

 

Det er ikkje tillate å selje alkohol i butikk søndagar, heilagdagar, 1. mai og 17 .mai. 

Vara skal vere betalt innan salstida sin slutt.

Brot på salsforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for salsløyve.

Grunngjeving: Vedtaket er gjort med heimel i alkohollova § 3 og alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen.

K-75/24 Tildeling av serverings- og skjenkeløyve for perioden 01.07.2024 - 30.09.2028 - Rosenlund hamn AS

Vedtak:

Kommunestyret har vurdert søknad frå Rosenlund Hamn AS, org.nr: 923166386, dagsett 13.05.2024, og merknadar som er motteke i saka.
Søknad om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk varegruppe 1 , varegruppe 2  og varegruppe 3  for Rosenlund Hamn AS vert imøtekomen.

Som styrar for skjenkeløyve vert Anja Halsebakk godkjent.
Som vara for skjenkeløyve vert Marcel Bolzli godkjent

Løyveperioda gjeld frå 01.07.2024- 30.09.2028.

Vedtaket vert automatisk fornya administrativt for perioden 2028 - 2032, dersom krava til løyvet fremleis er stetta.

Skjenketida for alkohol:
1. Varegruppe 1 og 2 vert avgrensa mellom kl. 10.00 – 02.00 alle dagar, både inne- og uteareal.
2. Varegruppe 3 vert avgrensa mellom kl. 13.00 og 02.00 alle dagar, både inne- og uteareal. 
3. For jul og påske er det eigne skjenketider, i samsvar med alkoholpolitisk handlingsplan. 
4. Konsum av alkohol på skjenkestaden skal vere slutt seinast 30 minutt etter at skjenketida er ute

Brot på skjenkeforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for skjenkeløyve.

Grunngjeving: Vedtaket for løyve til skjenking er gjort med heimel i alkohollova kap 4 og alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen.
 

K-76/24 Tildeling av servierings- og skjenkeløyve for perioden 01.07.2024 - 30.09.2028 - Kråen Gard AS

Vedtak:

Kommunestyret har vurdert søknad frå Kråen Gard AS, org.nr: 928540278, dagsett 13.05.2024, og merknadar som er motteke i saka.

Søknad om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk varegruppe 1 , varegruppe 2  og varegruppe 3 for Kråen Gard AS vert imøtekomen.

Som styrar for skjenkeløyve vert Terje Grønmyr godkjent.
Som vara for skjenkeløyve vert Veronika Britt Johansen Grønmyr godkjent

Løyveperioda gjeld frå 01.07.2024- 30.09.2028

Vedtaket vert automatisk fornya administrativt for perioden 2028 - 2032, dersom krava til løyvet fremleis er stetta.

Skjenketida for alkohol:

1. Varegruppe 1 og 2 vert avgrensa mellom kl. 10.00 – 02.00 alle dagar, både inne- og uteareal.
2. Varegruppe 3 vert avgrensa mellom kl. 13.00 og 02.00 alle dagar, både inne- og uteareal. 
3. For jul og påske er det eigne skjenketider, i samsvar med alkoholpolitisk handlingsplan. 
4. Konsum av alkohol på skjenkestaden skal vere slutt seinast 30 minutt etter at skjenketida er ute

Brot på skjenkeforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for skjenkeløyve.

Grunngjeving: Vedtaket for løyve til skjenking er gjort med heimel i alkohollova kap 4 og alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen.


Med heimel i diskriminerings- og tilgjengelighetsloven § 9, 3. ledd vert Kråen Gard AS oppmoda om å legge til rette for at lokalet er tilgjengeleg for folk med bevegelseshemninger. 

K-77/24 Sande kommune - innsparingstiltak 2024 og 2025

Vedtak: 

  1. Kommunestyret vedtek innsparingar i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg til tiltaksliste for 2024 og 2025, for å dekke inn det rekneskapsmessige meirforbruket i 2023, med slike endringar: 
    - fjern teksta: Elevar som mottek tilbod som vi kjøper via andre kulturskular mister sitt kulturskuletilbod
    - fjern teksta: Nedlegging av fiolintilbodet i kulturskulen fører til tap av kulturell arv, redusert tilgang til musikkopplæring
    - fjern beløpet for 2024: Kr. 17 500,-
     
  2. Endringar tiltakslista må innarbeidast i samband med budsjettet for 2025.
K-78/24 1.tertialrapport med budsjettrevisjon drift 2024

Vedtak: 

  1. Sande kommunestyre godkjenner tertialrapporten for 1. tertial 2024
  2. Sande kommunestyre gir kommunedirektøren løyve til å gjere endringar frå år 2025 til 2024 i investeringsbudsjettet, og gjennomføre nytt låneopptak for å finansiere investeringa, jf. eigne politiske saker om investeringane “Gjerdsvika barnehage” og “Grunnkjøp”.
  3. Sande kommunestyre ber kommunedirektøren arbeide med å finne tiltak som kan auke inntektene, og/eller redusere utgiftene i kommunen. Slike tiltak skal leggast fram som eigne politiske saker for vurdering og prioritering.
K-79/24 Gjerdsvika småbåtlag/småbåthamn - regulering av ny samleveg

Vedtak: 

  1. Ny kommunal samleveg frå verksemda Stadt i Gjerdsvika over næringsområde N1 vert starta opp regulering av. Vegen skal gje vegtilkomst for Gjerdsvika småbåtlag og Adolfbua, og framtidig næringsområda N1 og fritidsbusetnad Fn2-Fn5.
  2. Regulere ny vegtilkomst til Gjerdsvika hamn. Formålet med planarbeidet er å kunne realisere ein tilfredstillande tilkomst til næringsarealet i Gjerdsvika hamn.
  3. Reguleringskostnader kr 250 000