Kva bestemte kommunestyret

Kva bestemte kommunestyret

Tysdag 24. september var det kommunestyremøte på rådhuset. Då vart den nye grafiske profilen til Sande kommune godkjent og ein gjorde vedtak om omlegging av tilbod for eldre i kommunen.  

Du kan lese alle vedtaka i artikkelen. 

Er du interessert i å sjå kommunestyremøtet kan du gjere det ved å følgje linken her.  

Du kan også lese sakspapira og protokollen her. 

Sak K-86/24 Fornying grafisk profil.

Vedtak: 
Ny grafisk profil med designmanual for Sande kommune vert vedteken slik den ligg føre. Profilhandboka vert gjeldande frå 01.10.24.

Sak K-87/24 Frå institusjonsteneste til heimeteneste - omlegging av tilbod for eldre

Vedtak: 
Kommunestyret vedtek ein gradvis reduksjon av talet på sjukeheimsplassar ved frigjort kapasitet, frå 42 til 32.
Kommunestyret ber kommunedirektøren førebu ei sak om bemanningsfaktor for institusjonstenestene i Sande kommune.

Sak K-88/24 Godkjenning av grunnavtalar Gjerde, Gjerdsvika

Vedtak:
Sande kommunestyre godkjenner avtalane mellom Sande kommune og eigar av hhv gnr/bnr 6/5, 6/7, 6/12, og 6/35 slik dei ligg føre i vedlegga.

Sak K-89/24 Gnr 86 Bnr 5 Haugen - oppstart av oreigning av areal

Vedtak: 
Sande kommunestyre vedtek å oreigne areal på gnr 86 bnr 5 for å kunne realisere regulert offentlig veg som skissert i saksframlegget med vedlegg.