Kva bestemte kommunestyret

Kva bestemte kommunestyret

Tysdag 22. oktober 2024 var det kommunestyremøte på rådhuset. Då vart det gjort vedtak i tertialrapport med budsjettrevisjon for 2. tertial, om kjøp av tildelingstenester for helse- og omsorgstenester med Herøy kommune og fleire vedtak innan sektorane teknisk og plan. 

Du kan lese alle vedtaka i artikkelen. 

Er du interessert i å sjå kommunestyremøtet kan du gjere det ved å følgje linken her.  

Du kan også lese sakspapira og protokollen her. 

Dette bestemte kommunestyret: 

Sak K-97/24 2.tertialrapport med budsjettrevisjon drift 2024

Vedtak:
Sande kommunestyre godkjenner tertialrapporten for 2. tertial 2024.
Sande kommunestyre godkjenner foreslått budsjettrevisjon slik det går fram av tertialrapporten.
Investeringsbudsjettet vert justert i samsvar med tabell “Status investeringsprosjekt” og “Status investering og finansiering 2A” som ligg i rapporten.
Sande kommunestyre gir kommunedirektøren løyve til å gjennomføre nytt låneopptak for å dekke opp for lågare inntekter enn budsjettert i investeringsrekneskapen. Kommunedirektør får løyve til å ta opp inntil 5,520 mill. kroner i nytt lån.
Sande kommunestyre gir kommunedirektøren løyve til å iverksette naudsynte grep ved forverring av likviditeten, anten ved å hente ut frisk kapital frå fondsavkastning eller auke likviditetslånet med inntil kr. 20 mill.
Sande kommunestyre ber kommunedirektøren arbeide med å finne tiltak som kan auke inntektene, og/eller redusere utgiftene i kommunen. Slike tiltak skal leggast fram som eigne politiske saker for vurdering og prioritering.

Sak K-98/24 UngData 2024 - rapport frå mellomtrinnet
Sak K-99/24 UngData 2024 - rapport frå ungdomstrinnet

Vedtak: 
Kommunestyret tek rapporten frå UngData 2024 om mellomtrinnet til vitande.
Ein ber administrasjonen prioritere tiltak for å styrke skulehelsetenesta og PALS i skulen og barnehagen i Sande.
Kommunestyret ber om at barn og unge si stemme vert teken med i det vidare arbeidet med UngData-rapporten, både politisk og administrativt.
Sande kommunestyre ber kommunedirektøren ta initiativ til felles forum mellom skuleeigar og øvrige brukarar. Dette for å utnytte felles ressursar i arbeidet med å styrke dei fysiske tilhøve på kommunen sine møteplassar.

Sak K-100/24 Kjøp av tildelingstenester for helse- og omsorgstenester frå Herøy kommune

Vedtak:
Sande kommune inngår avtale med Herøy kommune om kjøp av teneste til tenestetildeling, vederlagsberegning og bustadtildeling, jmf alternativ 3.

Sak K-101/24 Felles NAV kontor i Hareid, Ulstein, Sande, Herøy og Vanylven

Vedtak: 
Kommunestyret i Sande støttar at NAV H-U-S og NAV H-V vert etablert som eit felles NAV-kontor på ytre søre Sunnmøre frå 01.01.2025.

Sak K-102/24 Hallelia øvre - Trykkaukeanlegg for kommunalt vatn

Vedtak: 
Nytt trykkaukeanlegg for vatn vert opparbeida ved Øvre delen av Hallelia bustadfelt, for å gje dei kommunale vassabonnementane her tilfredsstillande vasstrykk.
Kostnadane med nytt vasspumpe anlegg NOK 1,6 mill. eks. mva. vert finansiert gjennom investeringsprosjekt 061602 - Oppgradering vassleidningsnettet (vassplanen).

Sak K-103/24 Kommunale vegar - rehabilitering 2024

Vedtak: 
Kommunestyret vedtek å prioritere opprusting/asfaltering av kommunale vegar slik det går fram av administrasjonen sine prioriteringar.

Sak K-104/24 Samarbeid om tilsyn av spreidde avløp

Vedtak:
Kommunestyret sluttar seg til at det vert arbeidd vidare med utgreiing om felles organisering for tilsyn av spreidde avløpsanlegg på Søre Sunnmøre. Saka vert å leggje fram for kommunestyret til handsaming når m.a. følgjande forhold har vorte nærare vurderte:

Organisasjonsform, jf. del 6 i kommunelova.
Økonomi
Ressursar og bemanning
Behov for ei lokal samla forureiningsforskrift for involverte kommunar.
Andre relevante tema

Sak K-105/24 Heilskapleg ROS Sande kommune - Revisjon 2024

Vedtak:
Kommunestyret godkjenner Heilskapleg ROS-analyse slik den ligg føre.

Sak K-106/24 Kommundelplan for idrett og fysisk aktivitet - revidert handlingsplan 2024

Vedtak:
Kommunestyret vedtek å vidareføre hovudlinjene i gjeldande kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet for Sande kommune.

Kommunestyret vedtek følgjande handlingsplan for ordinære anlegg og nærmiljøanlegg:

Ordinære AnleggNærmiljøanlegg
 Kunstgrasbane GIL Sandvolleyballbane Sandsøy SIL
 Idrettshall GIL Sykkelbane - sykkelsti LIL
 Kunstgrasbane KIL Tur- og aktivitetsløype Sandsøy SIL
 Fleirbrukshall trinn 2 LIL Sanitæranlegg Bringsinghaug hamn KBN
 Utviding av klubbhus SIL Leikeplass/sykkelbane/aktivitetspark HGL
 Oppgradering banedekke River Plate GIL Kyststi Gjerdsvika GjIL
 Sanitærhus Ristesund KIL Tursti Kvamsøy KBN
 Fotballhall LIL Gangveg/sti Skogevatnet-Almestad GIL
 Larsnes stadion – Friidrettsanlegg LIL Leikeplass Breivikneset BGL
 Renovering av symjehall, garderobe, allrom og kantine GIL Tursti Saudedalen/Vasstranda LIL
 Overbygg tribune River Plate GIL Tursti Larsneset/Skitnevika LIL
 Gursken stadion – Oppgradering av løpebane GIL Steintrapp Veteskaret/Veten LIL
 Badehus Sandvika GIL Aktivitetspark Larsnes LIL
 Fleirbrukshall SIL Parkeringsplass Hide GjIL
 Utvidelse gymsal Gursken GIL Gamle Drageskarveg Kryssing GIL
 Renovering golv gymsal Gursken GIL Fjellveg Gjerdsvika - Haugsbygda GjIL
 Klatrehall SIL Nærmiljøanlegg ved Gursken Skule GIL
 Utvida baneareal/oppstillingsareal NMK Sunnmøre Klatrevegg GIL
   Skaterampe GIL
   Tursti Urene-Sætre GIL
   Padelbane SVG
   BMXbane SVG
   Fritidspark Halleosen LIL
   Aktivitetspark Larsnes sentrum LIL
   Frisbeegolfbane, Tareholmen 4H
   Gapahuk Omnsfjellet SIL
   Gapahuk Grøthornet LIL
   Tursti Hallelia Hallelia GL


Sak K-107/24 Sande kommune - Kommunal planstrategi 2023 - 2027 

Vedtak:
Kommunestyret vedtek i hht §10-1 i plan- og bygningsloven framlegg til kommunal planstrategi for perioden 2023 – 2027 slik det framgår av vedlegg.

Kommunestyret gir kommunedirektøren fullmakt til å innarbeide omtale av planstatus for Sande Fastlandssamband og Rovdefjordsambandet.