Kva bestemte kommunestyret?

Kva bestemte kommunestyret?

Budsjettmøtet i Sande kommunestyret var på tysdag 10. desember. I tillegg til budsjettsaka vart det gjort vedtak i fleire andre saker. 

Du kan lese alle vedtaka i artikkelen. 

Er du interessert i å sjå kommunestyremøtet kan du gjere det ved å følgje linken her.  

Du kan også lese sakspapira og protokollen her. 

Sak K-115/24 Budsjett 2025, Økonomiplan 2025 - 2028

Vedtak:
1. Kommunedirektøren sitt framlegg til økonomiplan 2025 - 2028 og årsbudsjett 2025 vert vedteke slik det går fram av framlegget og med dei rammene som det går fram av tabellar og oppstillingar under menypunkt “Budsjettvedtak”, med slike endringar:

  • Sandsøy barnehage – fullfinansiering drift heile året 2025 + 1,0 mill.  Etterfølgande år i økonomiplanperioden  +1,9 mill. Finansiering 2025 – av ekstramidlar rammetilskot (kr 1,875 mill)
  • Sande kyrkjelege fellesråd – kommunalt tilskot 2025, + kr 0,3 mill, vidareføring i planperioden årleg + 0,3 mill. Finansiering 2025 – ekstramidlar rammetilskot.
  • Oppvekstsektoren – Strukturendring for grunnskuleelevane på Gurskøya, ref. kommunedirektøren sitt framlegg knytt til siste år i planperioden. Framskunding av tiltak seinast til skulestart haust 2026. Innsparing 2026 med inntil om lag kr 2,5 mill, innsparing frå 2027 med årleg inntil om lag kr 5,0 mill.
  • Politikargodtgjersle – endre grunnlaget frå 8,8 G til 8.0 G. Årleg innsparing f.o.m. 2025 med om lag kr 0,2 mill. Forskrift vert å revidere i samsvar med slik endring.
  • Medlemkontingent Sunnmøre Friluftsråd kr 50 000. Finansiering: Reduksjon politikargodtgjersle (av sum kr 200 000)
  • Leirskule: + kr 350 000. Finansiering: Redusert politikargodtgjersle kr 150 000,  kr 200 000 av ekstramidlar rammetilskot (1,875 mill)
  • Det er viktig å prioritere det førebyggande arbeidet med barn og unge, samt halde fram med å bygge opp rus og psykiatri, og at ein går i dialog med dei tilsette for å behalde kompetansen i eiga kommune. Sande kommunestyre bed kommunedirektøren kome tilbake med ei sak der ein må sjå på alternative løysingar for innsparing for å behalde denne viktige
    kompetansen i eiga kommune.
  • Sande kommunestyre bed om at ein gjennomføre ei behovskartlegging og priskalkyle for å ha sommarope SFO. Det må opprettast dialog med frivilligsentral, idrettslaga og kyrkja for å sjå på moglege løysingar for å få på plass eit alternativ om ein ikkje kan gjennomføre ordinær sommar-SFO.
  • Sande kommunestyre bed om at det vert utarbeida ei sak som legg fram nye tal på behov og pris for å ha sommaropen i ein av barnehagane våre. 
  • Sande kommunestyre bed om ei sak der ein ser på den kostnaden av å gi søskenmoderasjon mellom barnehage og sfo som eit mogleg tiltak for å auke bulyst. 

 

Potensielle innsparingar/auka inntekter:

  • vurdere eigedomsmassen: Kan vi klare oss med mindre. Leiger vi lokaler til tenester som vi kan huse sjølve?
  • gjennomgang av samla bilpark: kost/nytte
  • vurdere moglegheita for fleirbruks kommunal mini-buss organisert av frivillegsentralen, lag og organisasjonar. Finansert som spleiselag.

 

2. Kommunedirektøren sitt framlegg til «Investeringsbudsjett 2025-2028» vert vedteke slik det går fram av “Investeringar i økonomiplanen”. Sande kommunestyre godkjenner eit samla låneopptak på inntil 37 000 000 kroner, inklusiv 1 000 000 kroner til vidareutlån av startlån, med slike endringar:

  • ta ut Helseplattforma 
  • skubbe på investeringar som kan utsetjast for å dempe veksten i finanskostnader
  •  prioritere oppgraderingar og ny—innbyggar satsingar
  • alle investeringsprosjekt skal godkjennast av kommunestyret før oppstart   

 

3. Framlegg til gebyr- og betalingsregulativ for 2025 vert vedteke slik det går fram av “Gebyrliste”, med slike endringar: 

  • Sande kommunestyre viser til gjeldande avgiftsnivå for fritidsbustadar, og bed administrasjonen om å arbeide gradvis med å likestille avgiftsnivået mellom bustadar og fritidsbustadar i Sande kommune
  • VAR - tvungen vassverktilknytning: tiltaket må setjast på vent til det ligg føre ein oppdatert og godkjend hovudplan for vassforsyning. 

 

4. Sande kommunestyre vedtek følgjande forslag til finansielle måltall for økonomiplanperioden 2025-2028:

  • Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter bør vere minimum 1,75%
  • Disposisjonsfondet skal i løpet av planperioden ligge på 4% av brutto driftsinntekt
Sak K-116/24 Rettleiande bemanningsfaktor for sjukeheimen

Kommunestyret vedtek:

  1. Å fastsetje fylgjande rettleiande bemanningsfaktor for sjukeheimen
    1. 0,87 årsverk per langtidsplass
    2. 0,97 årsverk per skjerma plass
    3. 1,00 årsverk per kortidsplass
  2. At bemanningsfaktoren vert å sjåast som rettleiande og kan justerast ved behov basert på bebuarane sine behov og andre relevante faktorar
  3. At desse faktorane vert nytta som eit verktøy for å oppnå berekraftig og forutsigbar drift av sjukeheimen.
Sak K-117/24 Vidare omlegging av tenesteprofil frå institusjonsteneste til heimeteneste

Vedtak: 

  1. Å redusere vidare frå 27 til 22 sjukeheimsplassar i andre fase, med ein reduksjon i årsverk frå 25,17 til 20,82 (ekskludert einingsleiar) etter at milepålen er nådd
  2. Å redusere talet på sjukeheimsplassar frå 32 til 27 i første fase, med ein reduksjon i årsverk frå 29,52 til 25,17 (ekskludert einingsleiar) etter at milepålen er nådd
  3. Å styrke heimetenestene basert på faktiske behov, utan direkte kopling til reduksjon av sjukeheimsplassar, for å sikre fleksibilitet og tilpassingsevne
  4. Å utarbeide ein detaljert plan for kompetanse og omstilling for dei tilsetje som vert berørt av endringane

 

Ved å arbeide målretta mot reduksjon til 22 sjukeheimsplassar, samtidig som vi erkjenner og tek omsyn til den demografiske utviklinga og auken i demenssjukdomar, kan kommunen sikre ei berekraftig og tilpassa eldreomsorg for framtida.

Sak K-118/24 Sande kommune - Temaplan for integrering og inkludering av flyktningar 2025 - 2027

Vedtak: 
Sande kommunestyre godkjenner temaplan for integrering og inkludering av flyktningar for 2025-2027.

Sak K-119/24 Sunnmøre Regionråd - omdanning frå interkommunalt selskap (IKS) til interkommunalt politisk råd (IPR)

Vedtak: 
Sande kommunestyre vedtek å oppløyse Sunnmøre regionråd IKS.

Sande kommunestyre vedtek å slutte seg til samarbeidsavtalen for Sunnmøre regionråd IPR.

Sande kommunestyre vedtek slik oppnemning:

Ordførar - medlem i representantskapet 

Varaordførar - 1. varamedlem

Camilla Auflem Vik - 2.varamedlem

Sak K-120/24 Innføring av tilsynsavgift etter tobakkskadelova

Vedtak: 
Sande kommunestyre vedtek å innføre tilsynsavgift frå registrerte salsstadar til dekning av kommunen sine kostnadar med tilsynsoppgåvene etter tobakksskadelova § 35 tredje ledd, jf. tobakksskadelova § 7.

Tilsynsavgifta skal fastsettast og regulerast i samsvar med satsane i forskrift om registrering- og bevillingsordning for tobakksvarer mv. § 33 jf. tobakksskadelova § 7. 

Frå 1.1. 2025 vert det innført maksimalsats for tilsynsavgift. 

Sak K-121/24 Godkjenning av vertskommuneavtale for Nav ytre Søre Sunnmøre

Vedtak: 
Kommunestyret godkjenner vertskommuneavtalen for Nav ytre søre Sunnmøre slik den ligg føre i vedlegget til denne saka. 

Denne avtalen erstattar gjeldande avtale om vertskommunesamarbeid med kommunane Ulstein og Hareid frå og med 01.01.2025

Sak K-122/24 Signering av ny samarbeidsavtale med Helse Møre og Romsdal

Vedtak:
1. Kommunestyret godkjenner revidert samhandlingsavtale mellom Helse Møre og Romsdal HF og kommunane i Møre og Romsdal for perioden 2025-2029

2. Kommunestyret ber ordførar om å signere avtala som kommunens rettslege representant

Sak K-123/24 Grunnavtale - samarbeid i region ytre Søre Sunnmøre (YSS)

Kommunestyret vedtek grunnavtale for interkommunalt samarbeid i region ytre søre Sunnmøre slik den ligg føre.

Sak K-124/24 Kommunale ladepunkt for el.bilar - avklaring ang ladetilbod

Sande kommunestyre vedtek å ikkje tilby lading til private gjennom kommunen sine ladepunkt.

Sande kommunestyre gir kommunedirektøren som arbeidsgivar fullmakt til å vurdere eit tilbod om lading til tilsette som eit personalpolitisk verkemiddel. Kommunestyret bed om å verte orientert om administrative retningslinjer for ei slik ordning dersom verkemiddelet vert teke i bruk. 

Sak K-125/24 Larsnes IL - Søknad om spelemidlar til Fotballhall

Sande kommunestyre er positive til initiativet frå Larsnes IL om å realisere ein fotballhall.

Sande kommunestyre er positive til plasseringa i Vardane - og i den grad dagens rettigheiter til arealbruk må utvidast til også å omfatte fotballhall, får ordførar fullmakt til å etablere slike rettigheiter for Larsnes IL.

Sande kommunestyre vedtek å prioriterer fotballhallen som nr 1, ordinære anlegg, i gjeldande kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

Sande kommunestyre viser til k.sak 13/24 og stadfestar dette vedtaket for ein fornya søknad om spelemidlar.

Sande kommunestyre vedtek fornya søknad om spelemidlar frå Larsnes IL for å realisere fotballhallen som omsøkt.

Sak K-126/24 NMK Sunnmøre - Søknad om spelemidlar til utviding av pit- og depotområde ved Løkemyra Gokartbane

Sande kommunestyre er positive til initiativet frå NMK Sunnmøre om å utvide eksisterande pit- og depotområdet på gokartbana på Løkemyra.

Sande kommunestyre vedtek å prioriterer utviding av eksisterande pit- og depotområdet på gokartbana på Løkemyra som nr 4, ordinære anlegg, i gjeldande kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

Sande kommunestyre vedtek søknaden om spelemidla

Sak K-127/24 Sandsøy IL - Søknad om spelemidlar til Fleirbrukshall

Sande kommunestyre er positive til initiativet frå Sandsøy IL om å realisere ein fleirbrukshall.

Sande kommunestyre vedtek å prioriterer fleirbrukshallen på Oshaugane som nr 2, ordinære anlegg, i gjeldande kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

Sande kommunestyre vedtek søknaden om spelemidlar frå Sandsøy IL om fleirbrukshallen på Oshaugane.

Sak K-128/24 Sandsøy IL - Søknad om spelemidlar til klatrerom/klatrevegg

Sande kommunestyre er positive til initiativet frå Sandsøy IL om å realisere eit klatrerom/klatrevegg i tilslutning til ein fleirbrukshall.

Sande kommunestyre vedtek å prioriterer klatrerom/klatrevegg på Oshaugane som nr 3, ordinære anlegg, i gjeldande kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

Sande kommunestyre vedtek søknaden om spelemidlar frå Sandsøy IL om klatrerom/klatrevegg på Oshaugane.

Sak K-129/24 Sandsøy IL - Søknad om spelemidlar til Omnfjellet Gapahuk

Sande kommunestyre er positive til initiativet frå Sandsøy Idrettslag

Sande kommunestyre vedtek å søke spelemidlar i hht søknad frå Sandsøy Idrettslag for å realisere tiltaket.

Sak K-130/24 Signering av opsjonsavtale for anskaffing av elektronisk pasientjournal for helse- og omsorgssektoren

Kommunestyret vedtek å inngå opsjonsavtale med Stavanger kommune for anskaffing av elektronisk pasientjournal. Avtalen sikrar kommunen naudsynt fleksibilitet, tilgang til nasjonale løysingar, og ei framstidsretta tilnærming til digitalisering av helse- og omsorgstenestene.