Sak K-27/25 Vaksenopplæring - samarbeidsavtale om kjøp av tenester
Vedtak:
1. Sande kommune seier opp samarbeidsavtalen med Ulstein kommune innan vaksenopplæring og introduksjonsprogram innan fristen.
2. Sande kommune inngår ny samarbeidsavtale med Herøy kommune om vaksenopplæring og introduksjonsprogram gjeldande frå neste skuleår.
Sak K-28/25 Sande kontrollutval - Årsmelding for 2024
Vedtak:
Kommunestyret godkjenner årsmeldinga 2024 for kontrollutvalet.
Sak K-29/25 Sande kontrollutval - Årsplan 2025
Vedtak:
Kommunestyret godkjenner årsplan 2025 for kontrollutvalet.
Sak K-30/25 Reglement for Sande kontrollutval
Vedtak:
Kommunestyret godkjenner revidert Reglement for kontrollutvalet, slik det ligg føre.
Sak K-31/25 Handsaming av kommunestyrevedtak K-115/24 om helsestasjonen
Vedtak:
Sande kommunestyre vedtek å ikkje erstatte den no ledige helsesjukepleiarheimelen. Midlane frå denne heimelen skal difor nyttast til å forlenge eit vikariat for ei kombinasjonsstilling som jordmor og konstituert helsesjukepleiar, med sikte på utlysning av fast stilling.
Sak K-32/25 Ny vurdering av prosjekt Gjerdsvika barnehage
Vedtak:
Kommunestyret ber om at ein ser på ei løysing for å oppnå 2 avdelingar, lågast mogleg, men innanfor ei vedteken ramme på 3.5 mill.
Sak K-33/25 Framtidig skulestruktur i Sande kommune
Vedtak:
Kommunestyret set i gang ein prosess for å nå eit økonomisk driftsnivå, slik at ein når kommunedirektørens mål i budsjett/økonomiplan. Innsparing 2026 med inntil 2,5 mill og heilårsvirkning i 2027 med 5,0 mill.
Sak K-34/25 Bergsnev Vassverk - Hovudvassleidning Hakallestranda, Utbetring trase Kobbevik - Kragset
Vedtak:
Sande kommune skiftar ut 600m av hovudvassleidning frå Bergsnev vassbehandlingsanlegg mellom Kobbevik og Kragset på Hakallestranda. Prosjektet kostar NOK 2 450 000,-, og skal finansierast gjennom investeringsprosjekt 061602 - Oppgradering vassleidningsnettet (vassplanen). Vassanlegget vert tidlegast prioritert i 2026.
Sak K-35/25 Grunntinging Hallelia/Hallekrysset
Vedtak:
Sande kommunestyre vedtek å starte opp arbeidet med grunntingingar av areal i hht reguleringsplanen for Hallelia/Hallekrysset slik det går fram av saksframlegget med vedlegg.
Sak K-36/25 Investeringsreglement for Sande kommune
Vedtak:
- Investeringsreglementet vert vedteke slik det ligg føre
- Reglementet vert evaluert innan sommaren 2026
Sak K-37/25 Evaluering av innføring av lokalt redusert formueskatt
Vedtak:
Evalueringa vert utsett til etter komande stortingsval.
Sak K-38/25 Innkjøpsstrategi for Sande kommune
Vedtak:
Innkjøpsstrategien for Sande kommune vert godkjent.
Sak K-39/25 Sande kommune, Temaplan for trafikktryggleik - godkjenning av temaplan
Vedtak:
Sande kommunestyre godkjenner Temaplan Trafikktryggleik 2024-2033 slik den ligg føre i vedlegg A.
Sak K-40/25 Endring av investeringsbudsjett i budsjett 2025 og økonomiplan 2025 - 2028
Vedtak:
Kommunestyret vedtek framlagde investeringsbudsjett, med endring av følgjande investeringstiltak, auke i investeringssum:
Bustadsfeltutbygging 1 000 000
Brannbilutstyr 750 000
Gjerdsvika barnehage 1 000 000 (+ 2 500 000)
Grunnkjøp Larsnes 800 000