Kvardagsturen er vinnaren i årets Stikk UT!

Kvardagsturen er vinnaren i årets Stikk UT!

Det mest populære Stikk UT! turmålet i Sande har vore Sandslegene/Legebu frå Skare med 1304 registrerte turar. På andre plass er Gjerdsvika molo/fyrlykt med heile 964 turar. Nupen frå stadion kom på tredje plass med 888 turar. Årets tal viser at Stikk UT! inspirerer og får folk ut på tur gjennom heile veka! I løpet av sommaren har 46 000 turgåarar registrert godt over 900 000 Stikk UT!-turar i Møre og Romsdal og Heim.

Stikk UT! Sande tabell - Klikk for stort bilete Tabell Stikk UT!

Av dei registrerte turane er 78 prosent av grøn gradering, 20 prosent av blå gradering og 2 prosent av raud gradering (ekspert). Turane er godt fordelt på kvardagane med ein liten topp søndagar. Her ser vi at kvardagsaktiviteten vinn fram.

- Resultatet etter sesongen og direkte tilbakemeldingar viser at Stikk UT! gir stor trivsel og har ein god helseeffekt i vår region, noko som har vore ei bevisst målsetjing i arbeidet med turtrimmen, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som er ansvarlige for Stikk UT! i Møre og Romsdal og Heim.

Kampen mot sofaen

Dørstokkmila er vanskeleg å komme seg over for mange, og derfor er kvardagsaktiviteten i Stikk UT! som skapt for å komme seg over dørstokkmila og ut av sofaen. Vi skal fortsette å jobbe for nærturar, turar til gapahukar og trillevenlege turmål. Samstundes er det fint å tilby fine turmål for dei som vil strekke seg litt meir. Det store talet på deltakarar viser at Stikk UT! er eit svært populært folkehelsetiltak i regionen.

 - Vi ønsker å takke alle turgåarar som har registrert turane sine i Stikk UT! denne sesongen. Kvar registrerte tur gir friluftsråda og kommunane god kunnskap om kor folk går på tur, kor ofte og kva dagar aktiviteten finn stad. Vi får vite noko om folkehelsegevinsten og resultatet er også viktig i arbeidet ned å drifte og utvikle Stikk UT!, seier Hilde Ellingsæter. 
 

Friluftsråda er godt fornøyde med årets sommarsesong frå 1. mai til 31. oktober, sjølv om det var litt utfordringar i starten av sesongen. Stikk UT!-appen har fått nye funksjonar, mellom anna med personleg turlogg.  Erfaringar fra årets sesong gjer at vi går tilbake til også å kunne registrere turar på heimesida til Stikk UT! i 2025.

Saman om god kvardagsaktivitet

– Det er i våre deltakarkommunar det gode arbeidet skjer, og samarbeid er nøkkelen for å få det til. Denne sesongen har det vore 570 turmål å velge mellom, og vi rettar ei spesiell takk til alle grunneigarar, Stikk UT!-kontakter og frivillige for det gode arbeidet dei legg ned for å lage fine turmål, seier Ellingsæter.

F.v: Hilde Ellingsæter, Stikk UT!-ansvarleg for Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel, Stikk UT!-ansvarleg for Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. - Klikk for stort bileteF.v: Hilde Ellingsæter, Stikk UT!-ansvarleg for Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel, Stikk UT!-ansvarleg for Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Stikk UT!

Stikk UT!-vett er viktigare enn nokon gong

Gjennom Stikk UT!-vettreglane jobbar friluftsråda med å bevisstgjere turgåarar til sporlaus og omsynsfull ferdsel.

– Turgåarar er flinke til å ta med seg søppel og parkere på tilviste plassar. Men vi har fått nokre meldingar om at lause hundar har forstyrra beitedyr og fuglar fleire stader i fylket denne sesongen. Dette er noko friluftsråda tek på høgste alvor og vil jobbe meir for å unngå fram mot neste sesong, seier Ellingsæter.

Stikk UT! Stifond – mange gode tiltak er gjort på dugnad

Denne sommaren – og særleg hausten – har vore prega av mykje nedbør, og til dels store nedbørsmengder på kort tid. Dette har ført til svært våte stiar som gir ekstra slitasje. Likeins renn grusen vekk fra turvegane når grøfter og røyr ikkje klarer å ta unna vassmengdene. 
Friluftsråda jobbar derfor også med ulike tiltak for å ta vare på stiane, og denne sesongen har Sparebanken Møre gitt friluftsråda i fylket 500.000 til Stikk UT! Stifond som «førstehjelpstiltak» på slitasje i Stikk UT!-stiane. 
Midlane har blitt delt ut til 47 søkarar godt fordelt blant medlemskommunane som er med på Stikk UT!. Midlane har i hovudsak gått til bygging av klopper, steinlegging og grusing.

– Det er håp om å få videreføre dette også til neste sesong, seier Hilde Ellingsæter.

Heile Norge på tur

For første gong har Stikk UT! blitt etablert andre stadar i Norge ved at sju nye friluftsråd har blitt med. Dei har starta arbeidet med å bygge opp Stikk UT! i sine område og er godt i gang. Totalt i Stikk UT! sommarsesongen har godt over 50 000 deltakarar frå 80 kommunar registrert 1,1 million turar.

F.v: Hilde Ellingsæter, Stikk UT!-ansvarleg for Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel, Stikk UT!-ansvarleg for Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. - Klikk for stort bileteF.v: Hilde Ellingsæter, Stikk UT!-ansvarleg for Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel, Stikk UT!-ansvarleg for Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Stikk UT!