Litteraturbåten Epos i Sande

Litteraturbåten Epos i Sande

Tysdag fekk barn i Haugelia, Gjerdsvika og Hauemarkja barnehage besøke litteraturbåten Epos. Båten la til kai både i Haugsbygda og på Larsnes.

Haugelia barnehage

Haugelia barnehage møtte Gjerdsvika barnehage og saman fekk dei høyre og sjå ein dramatisert versjon av «Ylva og villgeitene». Det var både spanande, litt trist – og morosamt. Skodespelaren var veldig flink til å formidle til barna, og ho song så fint. Haugelia og Gjerdsvika barnehage var ekstra heldige, for det var premieren dei fekk vere med på.

Det er Hilde Myklebust som har skreve boka om Ylva, og dei fekk tips om at på måndag kom det ut ei ny bok frå ho; «Grisungen med den rette halen».

Gjerdsvika barnehage vart med Haugelia barnehage tilbake i barnehagen og åt lunsj og leika seg i lag med dei før dei frå Gjerdsvika barnehage tok bussen tilbake. Det var veldig kjekt å ha nye barn å leike i lag med.

Etter stoppet i Haugsbygda gjekk båten vidare til Larsnes der ei gruppe barn frå Hauemarkja barnehage fekk tatt turen ombord i litteraturbåten. Der fekk dei sjå ein nydeleg versjon av “Ylva og villgeitene”.

Haugelia barnehage

 

Haugelia barnehage

 Dette vil vi gjerne gjere igjen!