"Møt oss"  i Sande kommune - Destinasjon Ålesund & Sunnmøre kjem på besøk

"Møt oss"  i Sande kommune - Destinasjon Ålesund & Sunnmøre kjem på besøk

Det er sett opp møte på Sande rådhus torsdag 10. april frå kl. 10-15. I 2025 ønsker destinasjonsselskapa å kome meir ut til medlemskommunar. Difor har dei sett opp ein plan for arbeidsdagar ute i kvar kommune. Dei kallar dette konseptet "Møt oss".

Mann i kayakk ved Storholmen Cecile Hatløy - Klikk for stort bilete Cecile Hatløy

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordvest ønsker å kome endå tettare på kommunane og reiselivsbedriftene deira. Dei vil at det skal vere låg terskel for å ta kontakt, og ønsker også å vere tettare på det som skjer i regionen.

Det er sett opp møte på Sande rådhus torsdag 10. april frå kl. 10-15.

Når dei er på desse "møt oss" -dagane, vil det variere kven av deira tilsette som kjem til å vere til stades, og då vil  hovudfokus vere forskjellig. Men tematikken vil i hovudsak vere dette:

  • Marknadsarbeid, kampanjar, annonsering
  • Synlegheit - web - produktpresentasjonar - tekst - bilete
  • Sosiale medium - innhaldsproduksjon - bilete - reels
  • Turoperatørarbeid
  • Pressearbeid

 

Booke deg tid?

Dei kjem til å vere på rådhuset i Sande mellom kl. 10:00 - 15:00, og ønsker du å sikre deg tid med dei, så kan du sende ei melding direkte til Anita Nøring på e-post: anita.noring@visitalesund.com så har ho kontroll på avtalane. Utover det så er det berre å kome innom, for å slå av ein prat med Anita Nøring.

I forhold til interesse og påmelding kan det også haldast ein felles presentasjon med fokus på arbeidet Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS) gjer i regionen. Både medlemsbedrifter og ikkje-medlemsbedrifter kan vere med.