Mykje godt lesestoff på Sande bibliotek

Mykje godt lesestoff på Sande bibliotek

Godt utval i alle sjangrar. Kanskje er du interessert i nokre av bøkene som er inne no?

Bibliotek Tim Bock bøker 002a - Klikk for stort bilete Silje S. Mork

På bilda under ser du nokre av bøkene som er populære no.

Gyldendal
kroppens-rytme - Klikk for stort bilete Kagge forlag
Aschehoug

 

Bøkene har titlane:

"Gift med fienden.”  Forfattar Ingerid Hagen.

Dette er ei sterk historie om kvinnene det ikkje var plass til i Norge etter krigen.

“Store vakre troll.” Forfattar Silje Ulstein

Store vakre troll er ein krimroman om utanforskap, om kjønn, sex og flytende grenser, om morsforhold, om nakenbilder på nettet og om å dø.

Kroppens rytme. Forfattar Sara Nøland

Visste du at det finst ei tid på døgnet der vi har ekstra sterk yteevne på trening? Eller at det finst eit tidsrom der vi har ekstra god hukommelse?  Alle prosessar i kroppen er styrt av indre klokker. Ved å lære å samarbeide med dei, kan vi bli meir opplagte og yte bedre.

Kroppens rytme  fortel lege Sara Nøland om korleis kroppen vår er styrt av gjentekne rytmer.

Barnebøker:

“Jenta i kista” Forfattar Laura Djupvik, som kjem frå Gurskøy på Sunnmøre.

Om boka: Jenta i kista er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette skal vere gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

“Ringen”  Forfattar: Martine Grande.

Om boka: “Sara er ei skjor som elskar å pynte seg. Heime har ho tusenvis av flotte smykke og annan pynt! Men ein dag finn ho ein heilt uvanleg vakker ring i smykkeskrinet til mora. Kva om ho låner han med seg inn i pyntesamlinga si, berre lite grann? Burde ikkje det gå heilt fint?”

 

Bøker bibliotek - Klikk for stort bilete

Velkomen innom!